Høgskulen i Volda 
Kontoret for etter- og vidareutdanning 
Boks 500  6101 Volda


 
Høgskulen i Volda sine fleksible vidareutdanningar studieåret 1998/99
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Andre fleksible vidareutdanningar 1998/99: 

Friluftsliv halvårseining  

Studiet er sikta inn på ei gje ei heilskapleg rettleiarutdanning i friluftsliv for arbeid med barn og ungdom i barnehage, skule, skulefritid og fritid.  

Organisering og innhald   
Studiet er konsentrert over fire intensive samlingar, som kvar går over 5 - 8 dagar. Kvar samling har eit hovudtema ut frå naturmiljø og årstid. Fleire sidetema vil vere med gjennom alle samlingane.  

Samling 1  August 1998 (v 33)  Studiestart og grunnl. innføringskurs  
Samling 2  September 1998 (v 36)  Kystfriluftsliv  
Samling 3  Februar 1999 (veke 6/7)  Vinterkurs  
Samling 4  Juni 1999 (truleg veke 24) Høgfjell/bre  

Frammøtestad og utgangspunkt vil vere Høgskulen i Volda. I tilknyting til samlingane vil det vere 1 - 2 dagar undervisning ved skulen. Opphaldet vil i all hovudsak vere utandørs, med overnatting i telt, huk, hytte eller snøhole.  

Eksamen og kompetanse  
Studiet vert avslutta med ein  6-timars individuell skriftleg eksamen. Studiet gir 10 vekttal i ein cand.mag.-grad.  

Fagleg ansvarleg   
Avdeling for lærarutdanning v/kroppsøvingsseksjonen.  

Studieavgift   
Studieavgifta er sett til kr 12.000,-. I tillegg må studentane betale ordinær semesteravgift, minmum kr 375,-  per semester.  

Ein må også rekne med ein del utgifter til reise og opphald, og eventuelt noko utstyr.  

Opptak   
Grunnlag for opptak er generell studiekompetanse. Søkjarar med/under lærarutdanning vil bli prioriterte. Studiet har 20 plassar.  

Studiet vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar.  

TILBAKE

 

Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) 
E-post: kev@hivolda.no