Høgskulen i Volda 
Kontoret for etter- og vidareutdanning 
Boks 500  6101 Volda


 
Høgskulen i Volda sine fleksible vidareutdanningar studieåret 1998/99
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Andre fleksible vidareutdanningar 1998/99: 

Forprøver i fonetikk og lingvistikk

Prøva skal gje ei grunnleggjande innføring i lydlære og språkstruktur. Studiet vil vere svært nyttig for dei som har tenkt å studere språk. Studentar som vil studere språkfag ved universiteta, må ta slik prøve før fageksamen. 

Organisering 
Undervisninga vert lagt opp med 10 samlingar à 4 timar på kveldstid og/eller i helgar. I tillegg må ein rekne med å bruke noko tid til gruppearbeid. Studiestad: Volda. 

Eksamen og kompetanse 
Studiet vert avslutta med ein 5 timars skriftleg individuell eksamen, der oppgåvene er todelte; ein del fonetikk og ein del lingvistikk. Begge delar må ha ståkarakter. Fullført studium gir 3 vekttal.  

Fagleg ansvarleg 
Avdeling for humanistiske fag v/Nordisk institutt. 

Studieavgift 
Studieavgifta er sett til kr 2.750,- per student. I tillegg må studentane betale ordinær semesteravgift, minimum kr. 375,- per semester. 

Opptak 
Grunnlag for opptak er generell studiekompetanse. 

Studiet er ope, men vert sett i gang med atterhald om ressurssituasjonen ved høgskulen og at det melder seg nok søkjarar. 
 

TILBAKE

 

Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) 
E-post: kev@hivolda.no