Kjelder for slektsopplysningar:

Her kunne eg nok ha sagt veldig mykje om ulike stader ein kan finne opplysningar. Eit arbeid med slektsgransking
blir nok aldri ferdig: Etter kvart som ein les og leitar i ulike kjelder vil ein heile tida finne nye opplysningar som
fyller ut biletet ein har danna seg av forfedre og slektningar. Grovt sett vil eg seie at det ikkje finst grenser for kvar
ein kan finne opplysningar ein har nytte av!

Nokre stader ein kan byrje leitinga kan eg likevel tipse litt om:
* bygdebøker/slektsbøker:
    I det distriktet eg kjenner best, Søre Sunnmøre, er nok dette den mest brukte kjelda for dei som vil finne fram
    til forfedrane og slekta si. For interesserte har eg lista opp dei bygde- og slektsbøkene frå dette området som
    eg har samla meg sidan eg starta å interessere meg for slektsgransking. Eg har også sett døme på at enkelte har
    lagt ut slektsopplysningar på nettet, og ei god oversikt over slike sider kan du t.d. finne på søkelinken Kvasir
    ved å søkje etter "slekt" eller "slektsforsking" eller søkelinken Yahoo med søkjeord "genealogy".
* kyrkjebøker:
    Alle kyrkjebøker fram til kring 1920 vart avfotograferte for ei tid tilbake, og finst no på mikrofilm på fleire bibliotek
    med lokalhistoriske samlingar. Dersom ein ønskjer opplysningar frå andre fylke kan ofte biblioteka ordne dette
    gjennom fjernlån-systemet. I dag er også enkelte kyrkjebøker lagde inn på internett av Registreringssentral for
    Historiske Data (RHD) i Tromsø. Du kan finne nokre slike under Arkivverket knytt til Universitetet i Bergen.
* skifteprotokollar:
    Desse er også avfotograferte på mikrofilm og er tilgjengelege på biblioteka, og enkelte er også tilgjengelege
    på nettet gjennom RHD.
* folketeljingar:
    Enkelte av disse er også avfotograferte til mikrofilm, og nokre av dei er også tilgjengeleg for søk gjennom heimesida til
    Arkivverket under Historisk Institutt ved Universitetet i Bergen (tilknytta Riksarkivaren). Folketeljinga for 1900 er
    tilgjengeleg gjennom Telenett for fleire kommuner.
* slekt i Amerika:
    Her kan ein finne utvandrarprotokollane frå Bergen hamn og nokre andre interessante emigrantprotokollar lagde ut på nettet.
    Dersom du ønskjer kontakt med amerikanske slektningar, bør du nok prøve å få kontakt gjennom dei ulike genealogiske
    selskapa (t.d. USGenWeb) som ein finn i dei fleste amerikanske statane eller gjennom Sons of Norway.
* tips og hjelp frå andre som driv slektsforsking:
    No når slektsforsking ved hjelp av data grip om seg er det stifta ein interesseorganisasjon som kan vere nyttig å
    knyte seg til: DISNorge (Data i slektsforsking Norge). Enkelte av fylkeslaga har også eigne heimesider, som til dømes
    Møre og Romsdal. Her kan ein få god hjelp med å finne ut kva som skjer med slektsforsking og data, og få hjelp
    dersom du har møtt på eit problem.
 

Olav Myklebust 1998