Dersom du vil skaffe deg betre oversikt over slekta di, kan det vere
nyttig å lage ei eller fleire
etterslektslister. Dette blir fort eit omfattande arbeid, dersom du
til dømes vil ha oversikt over
alle dine firmenningar og nærmare slektningar, må du nok
til med minst 8 ulike slektslister -
ei liste for kvar av forfedrane du går utifrå.
I framstilling av slike lister vil eit slektstre
vere veleigna. Her tek du utgangspunkt i ein
av dine forfedre som rot av treet, og følgjer så stammen
utover, med forskjellig tal på greiner
alt etter kor mange barn kvar person i slekta har. Her er det mogleg
å utvide treet etter kvart
som nye slektsledd kjem til, og greiner som viser seg å ikkje
vere fruktbare kan til dømes stå
som visna eller avsagde greiner...
Framgangsmåte:
Du må her ta utgangspunkt i ein av dine aner, og så gje
hans barn fortløpande bokstavar etter
kva nivå dei er på i høve til deg. Vil du skrive
opp etterslekta etter oldefar din, så gir du han ein
bokstav på nivået med utheva stor bokstav, og barna hans
får då normal stor bokstav utifrå
rekkefølgja dei blei fødde i (A - B - C osb.). Sidan
går du vidare til neste generasjon og fører
barna deira med utheva små bokstavar.
Prinsippet er at alle med same teikn er på same nivå i
slektslista utifrå den ane ein går utifrå.
Dette vil innebere at alle etterkomarane med normal liten bokstav etter
ein person som framstår
i lista som deira oldefar (stor utheva bokstav), vil vere tremenningar.
Borna deira (utheva store
romartal) vil då følgjeleg vere firmenningar, og sjølvsagt
vil foreldra (utheva liten bokstav) vere
syskjenbarn. For å skilje ulike slektslister ifrå kvarandre,
bør du vise til nummeret personen du
går utifrå har i anelista di. Skal du då vise til
ein bestemt person i slektslista vil du kunne vise til
hans/hennar plass i lista utifrå systemet: (ane 14-15; B
- A - e - c). Han vil då vere din
tremenning på di mormor (7) si side av slekta.
For mi eiga slekt har eg til no greidd å skaffe oversikt over
mine femmenningar (utifrå lokale
bygde-/slektsbøker), men eg har håp om etter kvart å
ha rimeleg bra oversikt over all slekt
tilbake til seksmenningar.