Anegalleri
Skal du lage ei oversikt over dine forfedre, er det nyttig å huske på at talet på personar her vil auke
i takt med 2-gangen utover; Dette blir fort mange personar å halde kontroll over. Nokre av dei kan du sikkert finne namn og ulike
data om ved å spørje slekt og eldre vener av familien, men mi erfaring her er at få veit noko særleg meir
enn kanskje kven som var oldeforeldra deira! Andre opplysningar må du nok leite etter i andre kjelder.
Ver OBS! på at du sannsynlegvis snart vil oppdage at same person går att på fleire stader i systemet,
dette indikerer at enkelte av dine forfedre er/har vore i slekt med kvarandre.

System og framgangsmåte:
Den beste måten å halde orden på desse på er å bruke eit nummersystem:
Du går utifrå deg sjølv som nummer 1, og så vil du heile tida kunne gange eit tal med 2 for å finne faren,
og sidan plusse på ein for å finne mora. Dermed vil din far ha nummer 2, di mor få nummer 3,
din farfar 4 (2x2), farmor 5 (2x2+1), morfar 6 (3x2), mormor 7 (3x2+1) og mormors mor 15 (7x2+1) osv.
For å lage ein fin presentasjon av anegalleriet ditt, vil eg foreslå at du skaffar deg ein anesirkel - til dømes slik
som den knytt til oversiktspermen "Slekten" av Finn Michalsen. Anesirkelen kan kjøpast enkeltvis på
bokhandelen også utan resten av permen, og har då ISBN-nummer:

Du kan også kjøpe heile permen, som då har ulike skjema for registrering av opplysningar om personane i
slekta, men i dag finn du dataprogram som gjer dette like godt for deg. Mindre delar av anesirkelen kan du
sjølvsagt presentere slik eg har gjort det med mine forfedre. Meir interessant blir arbeidet straks dersom du
greier å skaffe deg bilete av forfedrane dine - sjølv har eg greidd å samle saman bilete av 27 av mine forfedre
(alle besteforeldre, oldeforeldre og nokre av tippoldeforeldra og tipptippoldeforeldra), og eg ser for meg at
eg kan presentere nokre av disse på nettet seinare...

PS! Etter mi meining har det lite hensikt å lage seg slektstre over anegalleriet ditt. Det gir lite meining å setje
deg sjølv i rota på eit tre og så la greinene gi dine forfedre, og du vil vel heller ikkje finne så mange tre der
greinene heile tida deler seg i to og kanskje veks saman når du kjem utover i treet. Eg har sett nokre slike,
og må seie at eg ikkje blei imponert! DS!
 

Olav Myklebust 1998