Korleis drive slektsgransking:

Kva bør ein starte med?
Det er lite lurt å til dømes starte med å prøve å finne eit samband mellom to personar
utan at du i det heile veit om dei er i slekt!
Dette vil ta svært lang tid, og det vil innebere mykje leiting før ein eventuelt finn fram.
Det beste er å starte med å lage eit anegalleri, ei oversikt over dine eigne forfedre.
Sidan kan du eventuelt lage eit liknande galleri over forfedrane til den du ønskjer å
finne ut om du er i slekt med, å sjå om det finst personar som eksisterer i begge
slektslistene. Finn du slike felles forfedre, veit du at de må vere i slekt!
Kanskje er også eg og du i slekt, det kan du finne ut ved å sjekke mitt anegalleri her!

Korleis kan ein finne ut kor mykje ein er i slekt?
Her må du sjå på etterslekta til den/dei personane som de har felles. Bruk dei personane
som er nærmast i generasjon. Har de både felles oldeforeldre og tippoldeforeldre bør de
ta utgangspunkt i oldeforeldra. Ver OBS! på at generasjonane har ulikt tempo i ulike
familier, slik at fordi om de er jamgamle behøver de ikkje tilhøyre same generasjon etter
den felles anen de har funne!
Det er ikkje nødvendig å lage ei heil etterslektsliste etter den felles anen for å bevise
slektskapet mellom dykk, men kanskje kan det vere interessant å finne ut kva anna felles
slekt de har. Då kan ei slik liste vere nyttig.

Kva kjelder kan ein bruke for å drive slektsgransking?
I dag finst det fleire ulike kjelder ein kan bruke. Ein kan finne opplysningar på svært mange
ulike stader, ein tur på gravplassen kan til dømes vere nyttig! Nærmare omtale av tilgjengelege
kjelder for slektsgranskarar har eg samla på ei eiga link-side.
 

Olav Myklebust 1998