Meny:
Startsida
Vektorar:
Denne sida
Vektorar som rette linjestykker:
Vektoraddisjon
Vektorar multiplisert med tal
Vektor- subtraksjon
Lengda av ein vektor
Skalarprodukt

Vektorar i koordinat- systemet

Vektorar

Ein vektor er ein storleik som har retning. Definisjonen på ein vektor er med andre ord at den både har lengde og retning.

Vektorar vert brukt for å gi fullstendige opplysningar om fart, flytting og kraft.
Ein vektor vert skriven som ein liten bokstav med pil over: vektor a (a) og vektor b (b)>

<font color=.
Har vi ein vektor som startar i punktet A og endar i punktet B skriv vi dette som: vektorAB
Når vi skriv vektorane på denne måten skriv vi alltid utgangspunktet først og endepunktet sist.

I staden for å sette pil over symbola, kan ein angi dei med kursiv halvfeite bokstavtypar: a , AB .
Vi seier at vektorar er like, dersom dei har same storleik og retning.


Skalarar

Ein skalar er ein storleik utan retning.
Dette kan til dømes vere temperatur og volum.

Nullvektoren

Ein nullvektor er ein vektor som tek til og sluttar i same punkt. Den har ingen storleik og inga retning.
Skrivemåten/ symbolet for nullvektoren er ein null med pil over