Heim Litt av kvart Utstyr Treslag Overflate Øvingar Tryggleik

Tryggleik

  • Bruk vernebriller. Dette er viktig for å unngå å få støv og bitar av tre i augene. Det kan også skje at emnet sprekk og blir slengt uti rommet i stor fart. Då er det godt å ha noko som tek av for smellen.
  • Ved sliping med sandpapir skal anlegget fjernast og ein bør i tillegg til vernebriller bruke støvmaske.
  • Dersom ein har langt hår, bør ein samle det i ein hestehale.
  • Vide klesplagg og ermar kan vikle seg rundt dei roterande delane i benken. Dette er viktig å passe på.
  • Ein må passe på at maskina har rett turtal i forhold til diameteren på emnet.
  • Bruk lavt turtal ved balansedreiing av større emne. Ein auka turtalet når emnet er balansert.
  • Dersom emnet er samanlimt bør ein sørgje for at limet er skikkeleg tørt. Det oppstår ofte stor sentrifugalkraft når emnet roterer.