| Rundstokk
Tørkerullhaldar
Lampefot
Skål |
|
Tørkerullhaldar
- Når ein skal lage tørkerullhaldar lagar ein fyrst ei skisse over korleis ein vil
tørkerullhaldaren skal sjå ut. Det som er viktig å tenke på er at haldaren skal vere
høgare enn tørkerullen og at den ikkje må vere for tjukk, slik at ein ikkje får
tørkerullen ned på haldaren.
- Ein finn så eit passande emne, sentrerer og dreier det på same måte som er forklart
tidlegare under avsnittet dreiing av rundstokk.
- I den enden som skal vere toppen av tørkerullhaldaren, dreier ein litt innover slik at
toppen vert avrunda. Dette kan ein godt gjere på den enden der klospissen er festa.

- Når ein har oppnådd den forma ein ønskjer, og er ferdig med å pusse haldaren, tek
ein emne ut av dreiebenken.
- Rundstokken ein har dreia skal så plasserast på ei rund treplate. Ein høvlar til ei
plate slik at ho vert plan og like tjukk over det heile. Ein bestemmer så storleiken ein
vil bruke og set den av med passar på plata, deretter skjer ein den ut med bandsaga.
- Ein borar eit hol i midten av treplata. Kvar enkelt kan sjølv bestemme om ein vil feste
rundstokken til plata med skru eller sentrumstapp. Det som er viktig dersom ein brukar
skru er å senke ned skruehovudet i treverket under treplata, slik at tørkerullhaldaren
står støtt. Dersom ein ønskjer ein meir avansert samansetjings metode, sjå sida om Lampefot, under punkt 1.
- Når ein har festa tørkerullhaldaren saman, pussar ein vekk stygge merker, skarpe
kantar og elles ujamnheiter som ikkje skal vere der.
- Ein avsluttar med å overflatebehandle tørkerullhaldaren. Lakk eller olje egnar seg
godt til det ferdige produktet.

|