Heim Litt av kvart Utstyr Treslag Overflate Øvingar Tryggleik

 

Rundstokk

Tørkerullhaldar

Lampefot

Skål

Øvingar

I start fasen er det viktig å trene teknikk utan at ein lagar eit spesielt produkt. Når teknikken sit i fingrane, er ein klar til å tenke på kva produkt ein vil lage.
På maskiner er det ofte verktøyet som roterer, medan emnet vert ført forbi dette verktøyet. Når ein dreier er det emnet som roterer, medan ein held verktøyet, og arbeider meir eller mindre på frihand. Dreiing i tre passar veldig godt, dersom ein er av den typen som likar å få fram eit resultat i ei fart.
Eg har tatt med nokre idear til kva ein kan lage når ein skal til å starte med tredreiing. Eg vil anbefale at ein startar med dreiing av rundstokk, dersom ein ikkje har vore borti tredreiing før. Etter at ein har øvd seg ei stund er tida komen for å prøve seg på ein tørkerullhaldar eller lampefot. Når ein har vorte kjend med utstyret og teknikken, vil ein vere klar til gå vidare til dreiing av skål.