Rundstokk
Tørkerullhaldar
Lampefot
Skål |
|
Dreiing av skål - gangen i
arbeidet
- Ein finn først eit passande emne utifrå storleiken ein vil ha på skåla. Dersom det
er første gongen ein dreier bør ikkje emnet vere for stort, omtrent 15cm i diameter
skulle vere passeleg.
- Det første ein gjer er å høvle av den eine flata. Ein bør rette av den flata som
ligg nærmast margen på treet. Dette er viktig for å få best mogeleg fram den fine
strukturen i treet.

- Deretter merkar ein av på emnet slik at det vert kvadratisk. Dette gjer det lettare å
finne midten av emnet. Ein teiknar opp strekar frå hjørne til hjørne i kvadratet og
finn på denne måten midten. Ein plasserer så passaren i dette punktet og teiknar opp
omkrinsen til skåla.
- Ein skjer deretter ut forma på bandsaga, slik at emnet vert rundt.
- Skjer ut ei rund plate i kryssfiner som har ein mindre diameter enn emnet. Storleiken
denne plata må ha kjem an på storleiken planskiva har. Den må ikkje vere mindre enn
planskiva. Kryssfinerplata må ha ein tjukkleik på ca 3-4 cm. Dersom ein ikkje har plater
av denne tjukkleiken, kan ein lime saman fleire plater slik at den vert tjukk nok.
- Ein limer så saman emnet (den sida som vart avretta) og kryssfinerplata med eit
matpapir i mellom. Matpapir bruker ein for at det skal vere enkelt å få dei to delane
frå kvarandre etter at ein har dreia. Ein bruker trelim til samanliminga, og tvinger til
å halde saman dei to limte delane til dei er tørre. Det er her viktig å lime plata midt
på dreieemnet, slik at emnet er så sentrert som mogeleg når ein skal byrje å dreie.
- Når limet er tørt skal planskiva festast i kryssfinerplata med skruar. Skruane bør
ikkje vere så lange at dei går inn i dreieemnet, for då kan det verte skada.

- No treng ein berre feste emnet i dreiebenken og tilpasse anlegget, slik at handa med
dreiejernet kviler godt på det, og ein er klar til å dreie.
- Utsida skal dreiast fyrst. Emnet vert då sentrert og ein bestemmer den forma som skåla
skal ha. Det er lurt å starte med sakte fart og heller auke farta etterkvart. Den delen
av emnet som er limt fast i kryssfinerplata, skal verte botnen på skåla.
- No kan vi dreie innsida av skåla utan å ta skåla av dreiebenken. Vi byrjar i sentrum
av emnet og går utover. Det ein må passe på no er tjukkleiken på skåla, at den ikkje
vert for tynn.

- Når skåla har fått den form og tjukkleik vi vil gi den, er tida komen for ein siste
finpuss. Ein startar med eit grovt sandpapir og går gradvis over til finare. Det er
viktig at ein fjernar anlegget når ein pussar, slik at faren for å skade seg vert
mindre.
- Når skåla er glatt nok, og utan ujamnheiter og striper, kan den overflatebehandlast
med olje, eller det behandlingsmiddelet ein sjølv ynskjer. Ein skrur då planskiva med
skåla ut av dreiebenken for så å påføre oljen. Når oljen har fått trekt inn i treet
i minst ein time, festar ein skåla i benken og pussar den med fint sandpapir til ho vert
fin og glatt.
- Når skåla er ferdig, tek ein eit flatt jern og bankar det forsiktig mot skjøyten der
skåla er limt fast i kryssfinerplata. Det kan vere lurt å la nokon halde skåla, slik at
ho ligg så stødig som mogleg. Då skal det vere lett å løyse skåla frå kryssfiner
plata, utan at ein skader skåla.

- Etter at ein har fått laus skåla bør ein pusse ho under, slik at ein får vekk restar
etter matpapir.

|