Heim Litt av kvart Utstyr Treslag Overflate Øvingar Tryggleik

 

Rundstokk

Tørkerullhaldar

Lampefot

Skål

Dreiing av rundstokk

Dreiing mot senterspiss er ein god byrjing dersom ein ikkje har prøvd å dreie i tre før. Ein kan godt dreie emne som ikkje skal verte noko spesielt i byrjinga. Etter at ein har øvd seg, og fått ein følelse med det å dreie, kan ein lage ulike gjenstandar som t.d. tørkerullhaldar og lampefot.

  1. Når ein skal dreie mot senterspiss, spenner ein opp emne mellom senterspiss og klospiss.
    Senterspiss og klospiss
  2. Ein vel sjølv lengda på emne, men det som er viktig er at ein finn eit emne som er kvadratisk. Då er det lett å finne midtpunktet når ein dreg opp strekar mellom diagonalane.
    Sentrering av emne.
  3. Når ein har funne midtpunktet stikk ein eit hakk med syl slik at det skal vere lett å feste emnet mot senterspissen.
  4. Etter at ein har funne midtpunkta på endane av emnet, tek ein klospissen ut av benken og bankar han inn i eine enden av emnet. Vi brukar tre eller gummiklubbe til å banke med. Vi passar på at spissen i klospissen treff midt i sentrum av emnet.
  5. Vi set så emnet i benken og regulerer bakdokka inn til emnet. Senterspissen skal møte emnet midt i sylhakket som vi laga i emnet tidlegare. Vi festar bakdokka når emnet sit fast i benken. Det er viktig at emnet roterer lett i benken, ein bør difor ikkje teite slik at emnet sit heilt fast. Litt olje eller feitt på senterspissen hindrar varmegang, men det er ikkje nødvendig dersom spissen har kulelager og roterer med emnet.
  6. Vi regulerer så anlegget slik at det er om lag 5mm avstand mellom emne og anlegget. Anlegget flyttar vi nærmare etterkvart som diameteren på emne vert mindre. Dette gjer vi for at tryggleiken skal vere best mogeleg.
  7. Dersom emne er stort lønner det seg å forme det åttekanta før dreiing.
  8. Det er best å starte dreiinga på lav hastigheit og sette dreiejernet forsiktig mot emne. Ein byrjar i venstre ende og flyttar jernet mot høgre og deretter tilbake. Skrapedreiing er den teknikken som egnar seg best for nybyrjarar. Det vil seie at jerna vert brukte til å skrape med og ikkje til å skjere med, slik som meir erfarne tredreiarar ofte gjer. Når vi skrapar møter dreiejernet veden rett på, eller litt nedover. Heile egga til dreiejernet berører emnet.
    Skisse av skrapedreiing.
  9. Når emnet er rundt, men likevel grovt jamnar ein det med eit stort flatjern. Ein bør eigentleg prøve seg fram, å finne den teknikken ein sjølv synest er best å bruke. Ein kan også prøve seg fram med ulike mønster på emnet, dersom ein ikkje ønskjer ei heilt jamn overflate.
  10. Når ein har fått fram den forma ein ønskjer, skal emnet pussast. Ein fjernar då anlegget slik at ein ikkje får fingrar i klemme. Deretter pussar ein med sandpapir av ulik grovleik. Start fyrst med eit grovt sandpapir og avslutt med eit fint. Det kan vere lurt å bruke sandpapir med minst tre grader av grovleik. Avslutt med sandpapir nr 120 eller nr 180.
  11. Overflatebehandlinga varierer med kva type gjenstand ein har laga. Ein står fritt til å velje den behandlinga ein sjølv ønskjer. I skulen vil gjerne olje eller lakkering vere aktuell.