![]() |
Litt av kvart | Utstyr | Treslag | Overflate | Øvingar | Tryggleik | |
OverflatebehandlingOverflatebehandling er eit område innan formgjevingsfag det er vanskeleg å halde
greie på. Det kjem ofte nye typar av olje, lakk og maling. Eg vil difor halde meg til det
enkle, som er mest aktuelt til vår bruk, og som kan anvendast i skulen.
Eit nøyaktig forarbeid er absolutt nødvendig ved alle type overflatebehandlingar. Serleg dei moderne, klare overflatebehandlingsmiddela, framhevar riper og andre feil. Ein bør gjere flata så jamn og glatt som mogleg før ein byrjar å overflatebehandle. OljeLinolje er det billigste av overflatebehandlingsmiddela, og er difor veleigna i skulen. Linolje førekjem i to former, kokt og rå. Den kokte linoljen tørkar fortare. Linoljen treng djupt inn i treet, og han er på lik linje med andre oljebehandlingsmiddel lett å bruke. Oljar av alle slag gjer treverket mørkare og gir den ei hard matt flate som ikkje skjuler strukturen. Overflata tåler vatn og held seg fin lenge. Ei olja flate er mindre motstandsdyktig mot varme, men dei skadene som oppstår er lette å reparere. Dersom ein tynnar ut linoljen med terpentin, får ein det beste resultatet. LakkLakk er også eit overflatebehandlingsmiddel som er mykje brukt. Lakk er kanskje ikkje så aktuell dersom produktet ein skal behandle skal brukast til matvarer, men til tørkerullhaldar eller lampefot vil lakk derimot egne seg bra. MalingDreia produkt kan også malast. Der finst ulike typar maling, men akrylmaling er vel den typen som er mest vanleg å bruke i skulen. Der finst også malingstypar som har vatn som tynningsmiddel, noko som gjer reinhald av penslar lettare. |
|||||||