Heim Litt av kvart Utstyr Treslag Overflate Øvingar Tryggleik
 

Rundstokk

Tørkerullhaldar

Lampefot

Skål

Lampefot

Når ein skal dreie ein lampefot er framgangsmåten omtrent lik den for dreiing av tørkerullhaldar, men der er nokre forskjellar. Eg vel her å kalle lampefoten rundstokk heilt til den er festa saman til ein ferdig lampefot. Framgangsmåten for dreiing av lampefot er mykje lik den for dreiing av tørkerullhaldar. Ein bør difor henvende seg til den sida, eller til sida om dreiing av rundstokk, dersom ein står fast.

  1. Ein dreier fyrst rundstokken slik ein vil den skal vere.
  2. Når ein skal lage lampefot, bør ein dreie inn ein kant på eine enden av rundstokken. Den skal fellast ned i ei treplate. Ein må då bore eit hol i treplata som er like stort i diameter som inndreiinga på stokken.
    Inndreiing av kant.
  3. Etter at ein er ferdig å dreie og pusse rundstokken og har teke han ut av dreiebenken, borar ein eit hol ned gjennom rundstokken. Dette holet må vere så stort at ein får ei leidning gjennom.
  4. Etter å ha pussa plata og fått ho slik ein vil ha henne, borer ein holet rundstokken skal stå nedi. Ein må passe på at holet ikkje vert for stort.
    Rundstokk og treplate.
  5. Ein må også senke ned eit fordjuping under plata, slik at der vert plass til leidninga. Det skal også borast eit hol frå utsida av plata og inn i nedsenkinga, slik at ein får leidninga ut.
    Samansett lampefot.
  6. Ein er no klar til å setje saman lampefoten. Ein limer då fast rundstokken i holet ein har bora i plata. Ein står då fritt til å overflatebehandle lampefoten etter eige ønskje.
  7. Då er sjølve lampefoten ferdig. Det står berre igjen å trekkje leidninga gjennom hola ein har bora. Ein får kjøpt sokkelar som passar til ein viss diameter, det kan difor vere lurt å finne ut kva diameter sokkelen har før ein dreier, slik den vert passeleg stor.
  8. Det kan kanskje vere ein god ide å kombinere denne oppgåva med tekstil og lage ein lampeskjerm.
    Dreia lampefot.