Hovudside




  • Historikk
  • Utstyr
  • Teknikk
  • Fjellskiløping
  • Skiskule
  • Linkar





    Undrar du på noko?
    mail meg

  • Utstyr

    Når ein snakkar om telemarkutstyr så er det i hovudsak ski, sko og bindingar som er aktuelt. Ser ein på utstyret litt generelt så ser ein at telemark blir som ei krysning mellom alpint og langrenn. Litt av den store opplevinga ligg også her, ved at utstyret gjev så allsidige moglegheiter.

    SKI

    Det var på Sondre Nordheim si tid at utstyrsutviklinga for alvor kom i gong. Ski som var enklare å svinge med og som gav ei større bereflate i laussnø, og bindingar som gjorde koplinga mellom fot og ski meir solid vart utvikla. Skia var sjølvsagt laga i tre, og oppdaginga som dei gjorde på denne tida var, at ved å lage ei innsvinga ski så vart ho mykje enklare å styre. Innsving på skia vil seie at ho er smalast på midten og breiare i kvar ende.

    Den skia vi har her er ei teikning av ein modell kalla Huitfeldts ski. Måla som Huitfeldt gjekk ut i frå var nesten ein kopi av skia til Sondre Nordheim. Med denne skia vann han gullmedalje ved skiutstillinga i Christiania i 1896. Denne vart nærmast ein mal for skiprodusentar verda over.

    Nesten hundre år seinare får telemark sin renessanse og utstyrsutviklinga i telemark byrjar igjen for fullt.
    Dei første åra er skia ganske smale og med ein moderat innsving på om lag 10 millimeter. Det nye er at skia vert laga med moderne materialer og dei får stålkantar som betrar grepet på hardt underlag. Skia er også litt kortare enn dei var på 1800-talet. Ved å gjere desse forandringane i forhold til "originalen" så har ein kome opp med ei ski som er lettare, og som er mindre kraftkrevjande. Likevel har den klare bakdeler som at bereevna i laussnø er forringa og skrenstoleransen er veldig liten.

    Først på slutten av 80-talet og utover på 90-talet byrja skia igjen å få tilbake si opprinnelege form når det gjeld måla for breidde og innsving. Dei fleste produsentane introduserte den optimale telemarkskia med dei klassiske måla 80-60-70.
    Dei siste åra har også enda breiare og meir innsvingte ski vorte vanleg. "Carving" er det nye uttrykket som beskriv ein skjerande sving, i motsetnad til ein skrensande sving som vi såg meir av tidlegare. Det seier seg sjølv at skal ein kunne gjere ein sving med eit tilnærma reint skjer på ganske hardt underlag så må ein ha ski med veldig innsving og ditto stabil støtte frå foten.


    SKO

    Skoa har også utvikla seg mykje desse åra frå renessansen på 70- og 80-talet. I byrjinga var det relativt stødige beksaumsko som gav ei viss støtte rundt ankelen som var tingen. Dette fungerte fint til dei smale og lette skia.
    Men etterkvart som skia vart breiare auka også behovet for sko som gir betre støtte og som mogleggjer kanting av breie ski. I byrjinga var det kun lærsko som var godtatt. Dei vart høgare, påsett klemmer og dei fekk innvendige plaststøtter. Men ganske fort kom "reine" plastsko, og slik det ser ut, er det desse utviklinga går i retning av i dag. Både når det gjeld høge støvler som går opp på leggen, og dei lavare variantane.

    BINDING

    Når det gjeld bindingane er det også ei viss utvikling. På Nordheim si tid var det vidjebindingen med ei reim bak helen som var den store nyvinninga. Seinare kom denne varianten og i lær og med strammeinnretningar.

    Denne andre telemarkbølga starta opp med tåbindingen, eller rotte fella som vi kjenner den som. Den store fordelen til denne er at den gir liten motstand mot å løfte helen. Litt etter kvart kom også kabelbindingen igjen på bana i ulike variantar. Denne gir meir stabilitet og styringsevne. I dag eksisterer begge desse, men med kabelbindingen som den som har flest brukarar.

    Mellom bindingen og skia har og dei fleste ei plate for å auke avstanden mellom sko og snø. Denne gjer det mogeleg å legge skia enda meir på kant utan at skoen tek ned i. Platene finnast frå fem til førti millimeter tjukkelse.

    Opp att


    Kjelde: Flemmen, Asbjørn; " Skilæring"
    Engell/Gjelsvik; "Svingteknikk på telemarkski"
    Illustrasjon; Flemmen, Asbjørn; " Skilæring"