|
TeknikkTelemarkssvingen er ein sving gjort på telemarkski karakterisert ved at skoen er festa til skia ved tåpartiet, altså at helen har fri vandring frå skia. Telemarksstilen går i vesentleg grad ut på å svinge frå side til side, der ein legg den største belastninga på den ytre skia i svingen. Den ytre skia er framfor den andre, og på den indre/bakre skia er helen heva over skia. Det er vanlegvis minst ei skolengd mellom fremre og bakre ski. Å skulle setje opp ein mal for korrekt telemarkteknikk er veldig vanskeleg. Som eg skriv på utstyrssida, så foregår det ei veldig utvikling når det gjeld telemarkutstyr. Samtidig med utstyrsutviklinga så endrar og teknikken seg ein god del. Det meste av det som finnast i litteraturen om svingteknikk er altså korrekt for si tid, men vert raskt litt "gamaldags"
Telemark inneheld ein del grunnelement som vi må ha kontroll på for å forstå kva det er snakk om;
Historisk så var telemarksvingen ein grasiøs svingteknikk i laussnøen.
Under svingens renessanse på 70- og 80-talet var det også slik den vart
brukt. Skia som vart brukte var meir eller mindre modifisert turutstyr,
og stilen var smal skiføring og ganske lang skrittavstand.
Totaktsrytme var den naturlege måten å køyre telemark på i byrjinga. Utstyret tillet ingen store og bråe vendingar og dette gav den største tryggheita. Som namnet tilseier så er totaktsrytma ein sving i to takter. I ein sving til høgre settes den venstre skia fram - takt ein, den dreiast framfor, og den høgre skia vert lagt inntil den andre, omkanta - takt to. Teknikken kan på ein måte samanliknast med diagonalgong på ski, og dette kombinert med utstyr gjer at den vert mykje brukt av fjellskiløparar. Også nybyrjarar brukar mest totaktsrytma, fordi denne er enkel å bruke i lita fart. I det at totaktsrytma vert automatisert, går ein ofte eit hakk vidare, til eintaktsrytme. Det vil seie at ein går i frå ein sving til den andre, utan denne omstiginga som totaktsrytma gjev. Dette er den stilen som er grunnrytma i moderne telemark. For at vi skal kunne køyre ein sving på ski, så må vi få kanta skia. Denne kantinga kombinert med trykket mot skia, gjer at ei innsvinga ski skaper ein svingboge. Kanting oppnår vi ved at vi vinklar kneet innover. Dette kan vi oppnå anten ved ein såkalla hofteknekk, der overkroppen hallar utover samtidig med at hofta vert halla inn mot bakken, eller ved at vi legg heile kroppen innover i svingen. Kva metode vi nyttar kjem an på underlaget og kor raske svingar vi tek. Raske svinger og hardt underlag favoriserer ofte hofteknekken.
For å skape svingen må vi også hjelpe til ved å skape ein
dreiingsbevegelse. Denne skaper vi med beina og føtene, men
for å unngå rotasjon må vi skape ein motbevegelse med overkroppen.
Vi snakkar ofte om "dalvendt overkropp" som vil seie at overkroppen
vert holden mest mogeleg i ro medan beina er i bevegelse.
For at skia skal få tak i snøen når vi kantar ho må vi ha eit visst trykk mot underlaget. I laussnøen legg vi dette trykket nesten likt mot begge skia fordi vi har god støtteflate mot snøen. Er det derimot hardt underlag må så mykje som mogeleg av trykket ligge på den ytre skia. Dette fordi at krafta må konsentrerast for å oppnå maksimal støtteflate mot "svingskia" Beinbreidda er og eit viktig tema. Tidlegare var det optimale å setje skia tett saman og lage eit fint smalt spor. Saman med utviklinga har behovet for tilstrekkeleg kraft gjort at det å køyre med eit breiare spor er gunstigare. Ein får då lettare konsentrert krafta om den ytre skia. Ein snakkar og ofte om telemarksvinkelen. Dette er vinkelen mellom fremre og bakre ski i lengderetninga, og denne er med på å danne svingkurva. Også dette er ein ting som var meir nemnt for nokre år sidan fordi skia no er mykje meir innsvinga, og dette er ikkje lenger så viktig.
Tradisjonellt sett så har vi køyrt telemark med desse prinsippa
som gjeldande. Vi har fokusert på opp- og nedavlasting, hofteknekk og hoftevriding,
eller dalvendt kropp som det også vert kalla.
(Sjå også Aksel Meldahl sin atikkel om funksjonell telemarkteknikk)
Carving er det nyaste uttrykket vi finn blant stilartane.
Det tyder å lage ein svingboge med eit tilnærma heilt reint
skjer, og vi finn uttrykket både hjå alpinistane og hjå telemarksfolket.
For å kunne klare dette så set det store krav til både utøver og utstyr.
Carvingski er breie og har kraftig innsving. Støvlane bør og vere ganske
breie for at vi skal kunne få skia tilstrekkeleg på kant. I carving legg
vi ofte heile kroppen inn i svingen og bevegar oss heilt på kant med
overrotasjonen. (Sjå også Aksel Meldahl sin atikkel om carving) Hoppsvingar er ein annan teknikk eg kort vil nemne. Hoppsvingar brukar vi ofte som ein fartskontrollerande sving når det vert veldig bratt. Som namnet tilseier så gjer vi ein hoppande bevegelse i det stegvekslinga vert foreteken. Dette gjer vi både for å få tid til stegvekslinga, og for at vi skal få eit ekstra trykk mot underlaget. Stavane vert og nytta veldig aktivt, og vi nyttar ofte dobbelt staviset for å skape eit nødvendig stem i svingen. Også her vert det ofte nytta ein viss grad av rotasjon for å kontrollere svingen.
Kjelde; Flemmen, Asbjørn "Skilæring" Engell/Gjelsvik "Svingteknikk på telemarkski Bilder; Fedengutane |