|
SKISKULENybyrjaren bør sjølvsagt starte med det enklaste og mest elementære. Vil du begynne på eigenhand eller har du med nokon som vil lære, så sørg først og fremst for at utstyret er bra. Dvs. at det er heilt og i orden, og at det er tilpassa den som vil stå på ski. Eit tips frå meg er at nybyrjaren bør ha eit stødig utstyr, men ikkje i nærheita av det som konkurranseutøveren har. Dette vert altfor stivt, og ein mister ein del av følelsen, og det som har med balansetreninga å gjere.Begynn så med det mest elementære, nemlig det å stå i telemarkstilling. Skuv den eine foten fram slik at det vert omlag ei skolengde mellom føtene, og bøy i knea. Prøv begge vegar. Det neste vert då å prøve å svinge på ski. Det finns mange ulike innlæringsmåtar for dette men eg tykkjer det er greit å gå direkte til telemark, utan å bruke t.d. plog som eit mellomledd. Køyr på skrå i bakken og sving oppover for å stoppe. Prøv dette i større og større fart, og til slutt kan ein prøve å krysse fall-linja. Dvs. å svinge nedover i bakken. Dei vanlegaste feila som dukkar opp her er overrotasjon og bakvekt. Prøv og unngå overrotasjon ved å vri overkroppen motsatt veg av svingen, og unngå bakvekt ved å lene overkroppen framover. Når svingen byrjer å sitje, så prøv å få med stavisettet før svingen. (Sjå teknikkdelen)
Eksperten kan det aller meste om det å køyre telemarksvingar.
Han beherskar alle slags forhold, skitypar, terreng og andre vanskelege variablar.
Utfordringa bør då ligge i å finne på litt utradisjonelle ting for å fremme sine
fysiske og motoriske sider. Ved å prøve ein del hopping, og etterkvart legge inn triks som
helikopter (360 grader rotasjon i lufta), og salto vil ein etterkvart også våge nye
ting i bakken.
Kjelde; Flemmen, Asbjørn "Skilæring" Engell/Gjelsvik "Svingteknikk på telemarkski Bilde; Randi K |