Hovudside




  • Historikk
  • Utstyr
  • Teknikk
  • Fjellskiløping
  • Skiskule
  • Linkar





    Undrar du på noko?
    mail meg

  • HISTORIKK

    Snø har vi hatt i Norge i uminnelege tider. Behovet for å kunne ferdast på snøen har og vore viktig for at folk skulle overleve dei lange vintrane. Ordet ski er gamalt og tyder rett og slett ein kløyvd stokk. På denne stokken vart foten på ein eller annan måte festa, og snøen bar samstundes som ein kunne gli i unnabakkane og framkomsten vart enklare.

    Den tidlege skisporten

    Ganske så tidleg fann folk ut at ski kunne brukast til anna enn nyttebruk. Faktisk så finn vi heilt tilbake til 1767, beskrivelsar på avanserte skikonkurransar med pengepremiar. Her måtte ein beherske både "slalåm", langrenn, hopp og skyting. Desse var arrangert i militær regi, men seinare vart og sivile konkurransar vanleg.

    Telemark er eit sentralt namn innan skisport. "Skisportens vogge" vart det kalla, sjølv om dette er ei sanning med modifikasjonar. Telemark fostra mange dyktige skiløparar og skimakarar, og den mest kjende av desse var nok Sondre Nordheim (1825-1897) frå Morgedal. Han var ein av dei som var med og utvikle skiutstyr frå å vere ein nytteting til å verta fritidsutstyr. Men det skal seiast at han var langt i frå den einaste. Både i frå Trøndelag og andre plassar i landet høyrer vi om helbinding og innsvingte ski.

    Dei fyrste åra sine på ski var det telemarksvingen Sondre Nordheim nytta. Om han ikkje direkte oppfinnaren, var det han som fekk mykje av æra for den parallelle svingen, eller Christianiasvingen som den og vart kalla. Som så mange andre på 1800-talet, utvandra Sondre Nordheim til Amerika. Der heldt han fram med karstykka sine på ski, og vart godt kjend også der borte.

    Den andre telemarkbølga

    Det var også i USA at telemarksstilen fekk sin renessanse, eller starten på den andre telemarkbølga som den vert kalla. Dette var på byrjinga av 1970-talet. Ein gjeng entusiastiske skiløparar fann bileter av den gamle skihelten og utviklinga starta. Det var først som ein motreaksjon til kommersialiseringa i alpinanlegga, men utviklinga har gått motsett veg og kome tilbake til anlegga for fullt dei seinare åra. Til Sverige kom denne andre telemarkbølga i 1980, og her i Noreg om lag to år seinare.

    I 1984 vart det første norgescup-rennet arrangert, og året etter gjekk nordisk meisterskap av stabelen på Oppdal. Det første uoffisielle VM vart halde i Hemsedal i 1987, og der var det 20 nasjonar med.
    Dette dei største utviklingstrekka innan telemark, men det har heile tida vore eit slags skille mellom det gamle og opphavlege, og den forma vi kjenner frå alpinanlegga, med ei utstyrsutvikling som framleis går så det susar.

    Opp att


    Kjelde: Flemmen, Asbjørn ; Skilæring
    Illustrasjon: Flemmen, Asbjørn ; Skilæring