Hovudside




  • Historikk
  • Utstyr
  • Teknikk
  • Fjellskiløping
  • Skiskule
  • Linkar





    Undrar du på noko?
    mail meg

  • Fjellskiløping

    Telemark utanfor preparerte løyper

    I dag forgår det meste av telemarkkøyring i alpinanlegga våre. Opphavleg så hadde vi sjølvsagt ikkje store rydda områder som var ferdig preparerte, og skiløparane måtte lage sine eigne løyper, anten i laussnø eller på andre typar underlag. I dag vert laussnøkøyring, eller offpist som det også vert kalla, meir og meir utbreidd. Dei store alpinanlegga har forstått dette, og dei siste åra lagt ned store ressursar for å kunne skilte med dei beste offpist moglegheitene. Men ein ting er heilt sikkert, for at ein skal kunne køyre laussnø så må ein til ein plass det ein finn laussnø - og aller helst til ein plass der ikkje så veldig mange andre har vore før deg.

    Oddbjørn og Svein på Tannkremtindane I utlandet driv fleire og fleire med det som ein kallar for heli-skiing. Dette tyder at ein får lyft med eit helikopter opp på ein fjelltopp, og så kan ein køyre i heilt uprepareret terreng nedatt. Dette er ikkje utbreidd i Noreg fordi vi har eit lovverk som gjer dette vanskeleg, og bra er i grunnen det.
    Likevel så finnast det faktisk folk her i landet som er så spreke at dei går heile vegen til topps på eit høgt fjell for å få nyte nedfarta. Det er heilt klart og mange andre grunnar til å ta turen opp på eit fjell, men nedfarta er for meg og mange andre ei heilt klar drivkraft. Difor er det at eg vil bruke litt plass på dette, både med tanke på tips til teknikkar, men og for å få med det sikringsmessige aspektet. Dette er svært viktig med tanke på alle ulukker vi har hatt med dette dei seinare åra, og statistikkane viser ikkje til at trenden vil snu med det første.

    Laussnø-teknikk

    Det å kunne ha full kontroll i laussnøen er ikkje så vanskeleg som mange trur. Mange gjev seg nesten med ein gong fordi ein ikkje får til dette. Den vanlegaste feilen som folk gjer då, er at ein svingar "for mykje". Mange meiner og at ein må ha veldig ekstremt utstyr for å kunne få laussnø-opplevinga, men dette er ikkje sant. Begrepet laussnø kan og vere så mykje. Det er stor skilnad i teknikken om du har ti centimeter med "styresnø", eller om du har hoftedjup puddersnø. Det å skrive ein fasit for korrekt teknikk vert også umogeleg. Det kjem mykje an på kor mykje snø det er bakken, om snøen er lett eller tung, om du har god sikt o.s.b. Likevel er det ein god del viktige prinsipp vi kan sette ned på papiret.

    Første gongen du vil prøve deg i laussnøen er det lett å gå på trynet. Vekta di blir lagt for langt fram på skia, og den skjer seg ned i snøen i staden for å flyte oppå. Kvar du skal plassere tyngdepunktet er derfor veldig viktig. Plasserer du vekta for langt bak vil nok skia komme opp på snøen, men den vert nesten umogeleg å styre. Dette må avpassast i forhold til korleis snøen er og i forhold til utstyret du brukar. For å finne den stillinga på skia som passar deg best er det nok berre å prøve seg fram. Eit lite tips på vegen her er å prøve å sette skia tettare saman. Slik får ein på ein måte ei brei støtteflate, og dette er ofte gunstig.

    Etterkvart som du finn ein stil som gjer at du meistrar føret, så er det sjølve svingane du må jobbe med. I laussnø får du god støtte frå underlaget, og dette utnyttar du ved å lene heile kroppen godt inn i svingen i det du bøyer knea i telemarkstilling. Ved å gjere dette så skaper du eit auka trykk mot skia, og på grunn av måten skia er bygd på vil ho hjelpe deg med å svinge. Ved å trykke skia ned i snøen i kvar sving, får du i frå snøen og skia eit lyft ut igjen. I dette lyftet opplever du ei nesten "vektlaus tilstand", og du foretek ei stegveksling og er klar for ny sving. I denne prosessen er det ein ting som er heilt sentralt - nemleg rytme. Finn ein song med fin rytme og syng på denne medan du køyrer. Berre la folk glo, dei veit ikkje kor lurt det er. Når du finn denne rytma i svingane dine er du for alvor i gong med det vi kan kalle "pudderdans".

    Vidare kan vi konsentrere oss om å gjere svingane kortare, auke rytma og kanskje prøve oss i enda brattare terreng. Når terrenget vert verkeleg bratt må du ofte gjere eit lite hopp i stegvekslinga mellom svingane for å skape nok rom til vekslinga. Stavane har eg ikkje nemnt tidlegare, men desse har og sin funksjon. I tillegg til å hjelpe deg med å halde balansen, er stavane og viktig med tanke på rytma. Stavisettet gjer du like før skrittvekslinga, og dette vil seie å sette staven på innsida ned i bakken slik at du "svingar rundt den".

    Utstyret vi treng til laussnøkøyring er frå skiprodusentane sterkt overdrevet. Sjølv på ganske smale ski og lave sko kan ein under normale forhold klare seg bra. Det som er klart er at breiare ski har ein fordel ved at dei flyt mykje betre oppå snøen. Med breiare og tyngre ski, så melder behovet seg også for høgare og stivare sko. Personleg så likar eg best ski som er moderat breie (80-85 millimeter), og forholdsvis lette. Skovalget blir deretter. Ganske lave sko med god støtte rundt ankelen. Dette er utstyr som egnar seg godt også til å gå opp på fjellet med utan at det vert eit unødvendig blodslit.
    Skifellar er og ein fin ting for oss fjellfrelste. Desse bør vere litt smalare enn skia dine, men så breie at dei får nok kontakt med underlaget. Personleg vil eg og anbefale fellar med feste framme og bak.

    Opp att


    Vegval i vinterfjellet

    For å oppnå maksimal sikkerheit i vinterfjellet er det viktig at vi har kjennskap til kvar vi bør ferdast. Før ein topptur står vi ofte framfor eit val om kvar vi bør gå. Det kan vere fleire ruter til toppen, og fleire ting bør takast omsyn til for at vi skal velje den sikraste.

    Snøskred er eit tema vi aldri kan få teke opp ofte nok. Det tek livet av fleire skiløparar i Noreg kvart år, og talet er faktisk stigande. Det å gå inn på ulike skredtypar, korleis og kvifor skredet vert utløyst, snøtypar, leitemetodar, overlevingssjansar osb. vert altfor mykje å ta med her. Det krev nok ei eiga heimeside. Det eg vil ta opp her er korleis vi bør legge ruta for å unngå at vi vert råka av skredet. Må ein følgje ein dal så pass på å ikkje gå i lesida. Dvs. den sida som ligg i le (ly) for rådande vindretning. I desse lehenga samlar det seg ofte mykje snø og rasfaren er oftast mykje større her enn på andre sida. Hugs og at skredet kan gå eit langt stykke ut i dalen, og kanskje til og med opp i andre sida. Også nede på flata kan ein løyse ut skred langt oppe i lesidene. Hald derfor alltid god avstand til bratte lesider.

    Elvedalar, og enda til små bekkedalar er og veldig skumle. Her fyk det ofte saman store mengder snø, og det kan få katastrofale følgjer viss desse skavlane rasar ut.
    Oppover ei fjellside er det og ting vi bør tenke over. Dess brattare sida er dess større er naturleg nok skredfaren. Ein grei tommelfingerregel er å unngå sider som er meir enn 25 grader. Dette er eit stigningsforhold på omlag 1:2, og let seg enkelt måle med eit par stavar.

    Ein annan god og viktig hugseregel er å alltid følgje rygg der vi har moglegheit til det. Her har oftast det meste av snøen blåst vekk og forholda er trygge.
    Ein lærar sa og til meg at viss det vert så bratt og skummelt at han byrjar å tenkje på å ta fram skredsnora si, då snur han berre.
    Hugs at dette er generelle råd og tips. Viss du skal ut på tur bør du setje deg skikkeleg inn i desse tinga, og helst snakke med kjentfolk for å få lokale opplysningar. Har du ikkje dei nødvendige kunnskapane, så er det best å halde seg unna vinterfjellet.

    Isbrear er ein annan risikofaktor vi må konfrontere. Særskilt på såkalla vårturar er det viktig å vise stor varsemd og respekt her. Om vinteren er bresprekkene ofte dekte av snø, men dette kan vere berre snøbruer som ikkje tåler tyngda av ein skiløpar. Forhøyr deg altid med nokon som kjenner breen godt før du gir deg i kast med han. Om våren smeltar ein del av snøen og sprekkene kjem litt etter litt til syne. Breen kan vere veldig farleg på denne tida, og ein breførar vil vere naudsynt å ha med. Hugs at breen er i konstant røyrsle og forandring og krev alltid stor respekt frå dei som ferdast på han.

    Islagde vatn hender det og at vi må krysse om vinteren. Er du i tvil om tjukkelsen på isen så sjekk dette. Får du ikkje sjekka han så gå rundt vatnet. Sjølv om isen er tjukk der du testar er det heller ikkje sikkert at han er det alle stader. I tronge sund og i elveosar og andre stader med ekstra mykje straum kan isen vere veldig tynn. Prøv å unngå slike stader.

    Gode vegval legg i første rekke vekt på sikkerheita. Når den er ivareteken så gjer også turen til ei god oppleving. Legg eit spor som passar formnivå og utstyr til dei du går saman med. Ta felles pausar og legg desse til plassar som egnar seg godt til å sitje i ro på. Ta også omsyn til veret nå du er på tur.



    Opp att


    Ta omsyn til veret

    Den mest ubereknelege faktoren når vi skal ut i vinterfjellet er nok veret. Turen avheng mykje av veret, og er ofte utslagsgjevande for ein god eller mindre god tur. I fjellet kjem vi stadig vekk ut for raske verendringar, og veret gjer på ein måte mykje meir av seg i fjellet enn det vi kjenner frå lavlandet. Kuling her nede i lavlandet er ikkje så voldsamt, men på høgfjellet kan dette vere vind som gjer det svært så utriveleg.

    Planleggjing er eit viktig stikkord når vi skal til fjells. Det å ta med vermeldinga som ein del av planleggjinga bør vere heilt naturleg. Vi får ein peikepinn på korleis vi bør planleggje med tanke på både tidsbruk, utstyrsval og om turen i det heile teke lar seg gjennomføre. Det å høyre vermeldinga på TV eller radio er heller ikkje nok i mange tilfelle. I fjellområde finn ein ofte store lokale variasjonar, og det å ta ein prat med folk frå nærområdet kan vere lurt. Viss ein har tid og lyst er det og ein god del tips ein kan lære seg for å bli flinkare til å "lese" verforandringar sjølv. Ei veldig bra bok her kan vere: "Friluftsliv i vinterfjellet" av Mats D Melbye.

    Vind er det fenomenet vi må ta mest omsyn til når vi er på tur. Vinden vil auke dess høgare opp vi kjem, og i kombinasjon med kulde og/eller nedbør så kan den gje oss ganske vanskelege forhold. Berre ved frisk bris og ti kuldegrader, vil kjøleeffekten verte på 30 kuldegrader, og fare for forfrysingar er til stades. Sjølv om det ikkje er nedbør, men ein del nysnø på bakken kan vi også få vanskelege forhold med fokk og dårleg sikt. Er det derimot opphold, ikkje så altfor kaldt, og snøforholda er gode kan ein tillate seg litt meir vind. Vegvalet vert og vanskeleg når vinden aukar på. Det å kome seg i ly for vinden vil ofte gå på akkord med sikkerheita med tanke på rasfaren.

    Nedbør er som oftast meir utriveleg enn farleg når vi er i fjellet. Det er i kombinasjon med vind eller raske temperatursvingingar at nedbøren gjer forholda vanskelege. Saman med vind er kjøleeffekten mykje større, og får vi bråe temperaturfall saman med, eller etter nedbør, kan vi oppleve store problemer med ising. Vi kan oppleve ising på klede og utstyr, og snøforholda kan verte svært vanskelege.

    Skodde kan virke skremmande på dei fleste når den legg seg tjukk rundt oss. Sjølv dei mest kjende områda våre kan verte ei framand verd. Får vi tjukk skodde kombinert med snø, og gjerne litt fokk i tillegg er det ikkje enkelt å orientere seg. Nødvendig kunnskap om orientering og kart/kompassbruk kan vere livsviktig om du skulle kome ut for skodda. Det å stole på brevdueinstinktet sitt kjem ein ikkje langt med, det har eg sjølv erfart men har vore heldig. I seg sjølv er jo ikkje skodda noko anna enn små vassdropar, og veit vi kvar vi er, er ho ganske så harmlaus eigentleg.

    Sol vert jo sett på ubetinga positivt når vi er ute på tur. Det ein likevel skal vere klar over er at sola får ein langt kraftigare verknad i høgfjellet, og når vi får snøen som reflektor kan vi oppleve reine grillen. Sjølv om det er lett overskya kan ein oppleve å bli solbrent i fjellet på våren. Hugs derfor solkrem, og ikkje minst solbriller. Alle som har vore snøblinde ein gong veit kva eg snakkar om, og tek ikkje sjansen på å verte det ein gong til.
    (sjå vermeldinga frå
    TV2 og Meteorologisk institutt

    Bekledning må eg berre seie litt om når vi snakkar om veret. "Det finnast ikkje dårleg ver, berre dårlege kle", heiter det. Har vi riktig og god bekledning så kan vi tillate oss ein god del dritver.

    Vi må ha klede mot kroppen som transporterer fukt vekk ifrå huda. Dette kan vere av ull eller eit av dei mange kunstfiberstoffa som finnast. Bruk i alle fall ikkje bomull, for det vert kaldt, tungt og vanskeleg å få tørka nå det er vått.

    Viss det er kaldt må vi ha eit godt isolerande lag i mellomsjiktet. Også her er ull å foretrekke saman med fleece eller liknande. Vekt bør vere eit viktig stikkord her, fordi desse plagga ofte går i sekken når kroppstemperaturen stig.

    Dei ytste plagga er oftast det vanskelege valet. Det finnast eit utal av allversjakker/bukser, i mange slags stoff og ikkje minst til ulike prisar. Ein bør tenke litt på kva slags ver ein ferdast mykje i, kor mykje ein ferdast og kor mykje pengar ein er villig til å legge i bekledninga. Det ultimate plagget for både vind, vatn og "pustande eigenskapar" er ikkje oppfunne enno, så vi må tenke nøye igjennom bruksområda vore. Det er likevel verdt å nemne at relativt dyre plagg frå seriøse produsentar held eit høgt kvalitetsnivå, er gode og funksjonelle, og absolutt verdt å satse på. Sjølv om dei ikkje held alt dei lovar. ( sjå også sportsnett sine bekledningstips)

    Opp att



    Kjelde: Melbye, Mats D "Friluftsliv i vinterfjellet"
    Illustrasjonar: Flemmen, Asbjørn "Skilæring"
    Bilder; Fedengutane &Ole B