Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

"Vest"

"Vest" høyrde til på Sævelandsvik på Karmøy, og eigarane var Bjarne Hagen og Magnus Tangen. Skøyta var om lag 40 fot og hadde ein svensk maskin på 30HK.

Fiskeskøyta "Vest" ligg her ved kai i Skottland under krigen.

Då haugesundsaka vart opprulla tidleg i august 1940, kom straks spørsmålet om kva båt Sigurd Jakobsen hadde følgt då han kom tilbake frå England med to radiosendarar.

Eigarane av "Vest", Bjarne Hagen og Magnus Tangen, kom difor i søkjelyset. Dei arrangerte då ein "dekkoperasjon": Under storsildfisket same året hadde propellen blitt skada. No avtala eigarane å utbetra skaden ved ein mekanisk verkstad i Kopervik. Men i staden for å dra nordom Karmøy, sette dei kursen mot vest.

Oppunder Shetland kom dei ut i uver, og maskinen stoppa. Men mannskapet fekk starta maskinen, og dei kom seg til lands.

Seinare kom "Vest" over til Skottland og gjekk i diverse fart der under heile krigen.

Magnus Tangen vart mannskap i marinen, medan Bjarne Hagen segla i handelsflåten.

Då verdskrigen var over, fann dei "Vest" igjen i Skottland og førde skøyta over til Karmøy.

Meny