Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Ubåtjagarane

Shetlandsbasen opplevde dei første krigsåra at fleire skøyter forliste eller vart bomba og senka. Men trafikken over Nordsjøen var heilt avgjerande: Ettersøkte personar måtte koma seg ut frå Norge, og det norske motstandsrørsla trong både våpen og anna nødvendig utstyr. Dessutan var det stadig aktuelt å få inn i Norge agentar som skulle utføra spesialoppdrag.

Det var difor stor glede då den amerikanske regjeringa i 1943 gav Norge tre ubåtjagarar. Desse gjorde det mogeleg å effektivisera den illegale trafikken mellom Norge og Shetland.

Dei tre ubåtjagarane fekk namna "Hessa", "Hitra" og "Vigra", og dei vart sette inn i nordsjøtrafikken hausten 1943. Til saman utførte dei tre båtane 115 ekspedisjonar før freden 8.mai 1945.

Leif Larsen var skipssjef på "Vigra", Ingvald Eidsheim på "Hitra" og Petter Salen på "Hessa".

Operasjonane til Norge var fylte av spenning. Mannskapet måtte visa både varsemd og mot, for til ei kvar tid kunne det oppstå uventa situasjonar. Alle turane vart vellukka. Det gode omdømet til ubåtjagarane førde til at dei var omtala som "Shetlandsbussane."

Meny