| Framside | I tukthusa sitt rike Ved årsskiftet 1942/43 var Adolf Hitler sitt Stor-Tyskland størst i geografisk utstrekning. Då var det i alt 744 fengsel og tukthus. Ofte var det svære bygningskompleks med plass til frå 3000 til 5000 fangar. Heile fengsels - og tukthussystemet sorterte under det tyske justisdepartementet. Ein tukthusdom kunne vara frå tre år til livstid. Fangane i tukthus sona straffa si under strengare vilkår enn i eit vanleg fengsel. M.a. gjekk det lengre tid mellom kvar gong dei kunne få besøk, skriva eller ta imot brev, og lengre tid mellom kvart pakkemottak. Tukthusa i Hamburg, Berlin, Kiel, Rendsburg og Dreibergen var dei viktigaste samlingsstadene for dei norske tukthusfangane.
Tukthus Fuhlsbüttel, Hamburg. Dei fleste nordmenn som vart sende til Tyskland som fangar under krigen, hamna i ein eller annan konsentrasjonsleir. I åra 1940 - 45 sat om lag 1500 nordmenn i tyske fengsel og tukthus, av dei var nærare hundre kvinner. Hamburg - Fuhlsbüttel tok imot dei fleste tukthusfangane. Over 1100 norske fangar var registrert der. |
Meny