Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Dei kvite bussane

Utpå dagen køyrde ein kvit buss med Røde Kors – merke opp framfor hovudporten. Korkje Gunnar Hellesen eller dei andre nordmennene hadde høyrt noko om grev Bernadotte-ekspedisjsonen.

Røde Kors hadde hatt vanskar med å finna nordmennene som var gøymde bort i Pegau. I tukthuset i Waldheim hadde leiinga først vegra seg med å gje opp kvar Hellesen og kameratane var. Men Røde Kors gav ikkje opp, og til slutt måtte dei tukthusansvarlege ut med at det også var nordmenn i Pegau.

No fekk fangane utlevert det private tøyet deira og effektane. Endåtil klokka og verdisakene fekk Gunnar Hellesen igjen!

Den beste kjensla var likevel å få kvitta seg med fangeuniforma og treskorne!

I første omgang skulle alle innkvarterast i konsentrasjonsleiren Neuengamme ved Hamburg. Men då bussen kom dit og stansa framfor krematoriet, fekk alle ein alvorleg støkk. Det første dei såg var likhaugen og ein skorstein som gjekk for fullt. Muselmenn starva omkring over alt. No kom tvilen hos Hellesen: Skulle dei likevel ikkje nå heimatt til Norge?

Tida i tukthusa hadde ikkje teke frå fangane evna til å fylgja med årstal og datoar. Difor vart det ei underleg kjensle for Gunnar Hellesen då dei 25. april 1945 fekk ordre om at konsentrasjonsleiren skulle tømast for nordmenn og danskar. Denne datoen var nøyaktig fem år etter kampane i Ulvik. Det var det føste møtet med den tyske krigsmakta. No hadde han derimot allsidig erfaring med systemet i Det tredje riket. Det var godt at neste stoppestad var Danmark!


I Møgelkær vart det oppretta ein mottakingsleir, og no var det ingen ting som mangla – korkje mat eller klede. Dei danske venene overauste dei avmagra fangane, og ikkje minst velkomstord og vennlege menneske var ei sterk konstrast til brutalitet og ukvemsord i tukthusa.

Neste stopp på vegen heim var Sverige. Dit drog Gunnar Hellesen og dei andre frå leiren den 2.mai 1945. Same dagen fekk dei høyra at Hitler hadde enda livet sitt i ein bunker i Berlin. Hellesen registrerte at denne meldinga ikkje løyste ut kjensler av noko slag i leiren.

I Sverige vart nordmennene installerte i Margrethskolen i Halsingborg. Her vart dei mottekne både hjarteleg og effektivt. Alle vart grundig legeundersøkte og fekk sprøyter. Vidare vart dei sende til forlegninga Ånge i Midt-Sverige. Her var dei i nesten tre veker.

Meny