Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Pegau - siste stopp

Opphaldet i Waldheim vart kort. Neste transport gjekk til arbeidsleiren Pegau, ein liten by sør for Leipzig. Saman med om lag hundre mann frå ni ulike nasjonar skulle Gunnar Hellesen arbeida i ei rustningsbedrift. Det plaga han sterkt at han no mot slutten av krigen skulle bruka dei små kreftene sine i den tyske krigsindustrien. Sjølv visste han at alle dei som vart tekne av tyskarane og sat sperra inne i fengsel, tukthus og leirar, hadde hatt eit oppriktig ønske om å delta aktivt i frigjeringskampen. Men i dette arbeidet hadde dei mislukkast. No var han endåtil "tilsett" i fienden sin rustningsindustri.

Tanken på dei som no kjempa i Normandie, gav likevel styrke. Kanskje hadde dei lært av feilane som Hellesen og kameratane gjorde fire år før? Difor hadde dei enno fridomen sin!

Etter kvart sette svolt og vitaminmangel tydelege spor hos fangane. Kroppen var full av vatn. Etter at dei hadde fullført ei arbeidsøkt og stått heile dagen, var anklane dobbelt så tjukke som vanleg.

Svolten kunne bli så sterk at fangane åt gras. Nettopp mangelen på mat gjorde at dei vart sjukeleg opptekne av mat. Verre var det likevel med alle former for sjukdom som kom på grunn av ureinslege forhold og mangel på næring og vitaminar.

Gunnar Hellesen og medfangane hans fekk tilgang på lesestoff det meste av tida. Det var med og skjerpa minnet og fekk tankane bort frå dei umenneskelege kåra dei levde under.


Framover vinteren 1945 kom det stadig meldingar til arbeidsleiren Pegau om at dei allierte styrkane raskt rykte austover. Samstundes heldt bombinga fram med intens styrke. Dresden og Leipzig var mål for dei allierte flya, og fangane i Pegau fekk difor merka antiluftskyts som var i aksjon kvar gong desse storbyane vart bomba.

Natta til den 12. april hadde alle fangane søkt tilflukt i eit skogholt på grunn av den intense bombinga. Om morgonen var amerikanske tanks komne berre nokre få kilometer frå Pagau, og det var ikkje usannsynleg at dei allierte styrkane ville nå fram til byen innan kvelden.

Etter kvart som fangane vart konfronterte med desse realitetane, fekk dei nytt håp. Tanken på at krigen kunne gå mot slutten, skapte ein veldig reakson hos dei. Optimisme og tvil kjempa om kvarandre. Skulle dei likevel få sjå igjen fedrelandet og møta alle dei kjære der heime?

Meny