Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Transport

For Gunnar Hellesen førde dei stadige bombetokta til transport – ein lagnad fangar både i fengsel, tukthus og konsentrasjonsleirar blei kjende med. Transport bar alltid i seg frykt og otte. Målet for transporten var alltid uviss. Etter kvart blei dei fleste fangane klar over at for mange gjekk transporten til døds-/ og utryddingsleirane.

Etter eit kort opphald i Rendsburg og tilbake til Hamburg, vart Hellesen på nytt sett på transport - kva retning visste han ikkje. Men reisa gjekk søraustover mot Tsjekkoslovakia. Første opphaldsstaden var i Zuchthaus Waldheim. Her opplevde Hellesen D-dagen. Før klokka seks om morgonen den 5.juni 1944 kviskra ein av fangane gjennom celledøra at allierte styrkar var gått i land i Frankrike. Enno opplevde han situasjonen fastlåst, men eit nytt håp var tent!

Meny