| Framside | Tukthus Det var vanleg
rutine at ny fangar skulle ha det første halve året i
einecelle. Rutinane var enkle og presise. Eigne klede vart bytte ut med tukthuset si uniform. Eit gult armbind markerte at fangane høyrde til på tukthuset. Dei som arbeidde på utekommandoane, fekk i tillegg gule striper i buksene. Alt skulle førebyggja at ingen fangar vart freista til å røma! Samanlikna med konsentrasjonsleirane var det etter måten trygt i tyske fengsel og tukthus. Likevel vart opphaldet einsformig og kjedeleg. Kadaverdisiplinen rådde grunnen, og heile tida prøvde vaktene bevisst å bryta ned sjølvrespekten og menneskeverdet. Men tukthusfangane skulle også gjera nytte for seg. Det første oppdraget Gunnar Hellesen fekk i Fuhlsbüttel var å klistra små posar. Seinare fekk han større tillit og kunne klistra større posar! Etter ei tid fekk Hellesen arbeid ved bokbinderiet i tukthuset. Dagløna var 15 Pfenning. Då han avanserte til formann, steig løna til 25 Pfenning. Felles for alle fangane var at dei først måtte setja av eit beløp som dekka omkostningane til likkiste dersom det vert bruk for denne. -Løna vart likevel aldri utbetalt til Hellesen! På denne tida var Hamburg ein av dei største hamnebyane i Europa. Mange norske skip kunne dagleg besøkja byen. Den Norske Sjømannsmisjonen hadde alt før krigen etablert seg med sjømannskyrkje her, og dette var til stor hjelp for nordmenn i tysk fangenskap. Dei norske sjømannsprestane fekk tilgong til både tukthus og fengsel. Også i Hamburg fekk prestane stor og avgjerande hjelp av den tyske tolken, Hiltgunt Zassenhaus. Med rette blir ho omtala som engelen som verna om dei norske fangane. For Gunnar Hellessen og fangekameratane vart tukthuslivet etter kvart rutineprega. Dei hadde sine daglege gjeremål underlagt reglementet som dag og natt på alle måtar skulle audmjuka fangane og skapa erkjenning av dei alvorlege brotsverka dei hadde utført mot Der Führer og Det tredje riket. Men krigsfrontane endra seg etter som tida gjekk. Tyskland hadde tidleg i krigen prøvd å knekkja England først med bombing, og seinare V-2-rakettar. Etter kvart vart det bombeflya til dei allierte som nådelaust sleppte lastene sine over tyske byar. Hamburg var eit sentralt mål. Natta til 31.juli 1943 kom britiske og amerikanske bombefly over byen. Alle fangane visste at det var deira vener som utførde bombetokta. Likevel representerte dei død og utsletting. For fangane i Fuhlsbüttel var det likevel eit kraftig tordenver som berga dei denne natta. Målet for bombetoktet hadde nettopp vore Fuhlsbüttelområdet. Men på grunn av veret måtte flya sleppa lasta tidlegare enn dei hadde planlagt. Hamburg sitt hamneområde fekk derimot dei dødbringande bombene over seg. |
Meny