Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Angivaren

Ein dag fekk Sigurd Jakobsen besøk av ein tidlegare journalistkollega. Han budde no på ein annan kant av landet. Mannen hadde også militær bakgrunn, og no bad han Jakobsen om hjelp til å koma over til England. Der ville han m.a. orientera dei norske styresmaktene om motstandsarbeidet som gjekk føre seg i heimlandet.

Mange i gruppa var skeptiske, for mannen visste alt for mykje om det illegale arbeidet som var i gong på Haugalandet. Gruppa fann likevel at det var altfor risikabelt å avvisa han. Det sikraste var å få sendt han av garde .

Mannen vart lova plass om bord i "Roald Amundsen."

Skøyta skulle gå frå Bremnes natta til 8. august 1940. Då dei "reisande" kom fram frå gøymestadene sine og skulle gå om bord, vart dei omringa av væpna tyske soldatar. Alle vart arresterte og førde til Bergens Kretsfengsel.

Blant dei arresterte var også kjenningen til Sigurd Jakobsen. Han vart førd til Bergen saman med dei andre englandsfararane. Men angivaren vart fort borte.

Nye "utfordringar" venta!

Samtidig med at Gestapo slo til på Bremnes, begynte det tyske politiet å arrestera mange personar som var blitt involverte i det illegale arbeidet i Haugesund, Karmøy og Stavanger. Angivaren hadde gjort grundig arbeid, og opprullingane kom fort.

Hos Sigurd Jakobsen fann tyskarane begge sendarane som han hadde med seg frå England. Tyskarane prøvde straks å få kontakt med England, utan at det lukkast for dei. Årsaka var at ei anna norsk etterretningsgruppe med ein gong hadde meldt frå til England om arrestasjonane.

Då Gunnar Hellesen kom til Haugesund ved midnatt, fann han snarast fram journalen over dei meldingane som var sende. Dei var førde inn i ei eiga bok – i kode og i nummerorden. Hellesen brende straks opp boka saman med ei spesiell utgåve av ei norsk-engelsk ordbok dei hadde som hjelpemiddel. Deretter blei det å venta – og venta.

Men venene ville framleis hjelpa han. Utpå natta fekk han beskjed om at "Vest" enno låg på Sævelandsvik. Neste morgon gjorde ein kollega på kontoret eit siste forsøk på overtala han til å dra av garde.

"Vest" sette kursen vestover utan at Gunnar Hellesen var om bord. Han heldt fast ved det han hadde bestemt seg for på nattruta i Kopervik.

Tidleg på morgonen kom to menn frå Gestapo saman med ein nordmann og bad Hellesen om å bli med til heimen hans. Under ransakinga var dei tydeleg ute etter å finna meldingsboka og ordboka.

Deretter blei han beden om finna pyjamas og toalettsaker for eit par dagars opphald i Bergen.

Dei næraste dagane heldt arrestasjonane fram. Til slutt sat atten mann i Bergens Kretsfengsel.

Tre av medlemmene i gruppa tok sjansen på å røma.

Meny