| Framside | Illegalt arbeid Det illegale arbeidet hadde eigenleg utvikla seg tilfeldig. Hellesen hadde vore med i kompaniet frå Haugesund som skulle kjempa mot tyskarane i Ulvik og på Voss. Men etter korte kamphandlingar innsåg dei norske offiserane at den tyske overmakta var totalt overlegen i møtet med dei norske mobliseringstyrkane. Desse vart trekte tilbake til Etne, og alt den 2.mai var overgjevinga eit faktum. Men hos mange av dei norske soldatane som hadde vore i kamp i Ulvik, var det likevel ei felles holdning: Dei ville ikkje finna seg i den nye stiuasjonen. Noko måtte dei i det minste kunna gjera for fedrelandet! Fleire melde seg frivillig til illegalt arbeid då styrkane kapitulerte i Etne. Kameratane Gunnar Hellesen frå Haugesund og Sigurd Jakobsen frå Ådland på Karmøy var to av dei.
Ei vekes tid etter avreisa kom ei særmelding på radioen frå den norske nyheitsopplesaren frå London: "Alt vel. Helsing Per". Sigurd Jakobsen og venene hans var framme i England! Den 7.juni var "Vest" tilbake til Sævelandsvik. Jakobsen og mannskapet hadde med seg viktig materiale: to radiosendarar! Dei hadde også med seg ordre om å oppretta kontakt med norske og britiske militære i England med det føremålet å rapportera alt av militær interesse. I fengselcella i Bergen passerte vår og sommardagane året før revy for Gunnar Hellessen. Han var i kameratflokken som no var komen med i illegalt arbeid - livsfarleg arbeid visste han no. Den eine av dei hadde tre vekers opplæræing i internasjonal etterretningsteneste. Kanskje kunne dei ikkje venta så store resultat? I alle høve hadde dei ikkje lært å vera nok forsiktige. Det lærde dei etter kvart, men for seint. Enn om han hadde stukke av før han blei arrestert? Han hadde sjansen! På cella i Bergen krinsa tankane til Hellesen kring det som skjedde like før arrestasjonen. Han hadde vore på vanleg forretningsreise til Stavanger om dagen og tok nattruta tilbake til Haugesund. Men då nattruta la til kaien i Kopervik, kom ein ven om bord til han og fortalde om dei som var arresterte i løpet av dagen. Sjølv hadde han vore ettersøkt av Gestapo. Venen opplyste også at "Vest" framleis låg klar på Sævelandsvik for å dra til Shetland, og han måtte snarast melda seg der. Kva ville skje med familien om Gestapo fekk vita at den ettersøkte var flykta til England? Kanskje ville dei bli tekne som gislar, sette i fengsel og kanskje bli skotne? Gunnar Hellesen tok raskt si avgjerd. Han fylgde nattruta vidare til Haugesund. Etter nærare eitt års fengselserfaring hadde Hellesen lært meir om tryggleik og varsemd i etterretningsarbeid enn nokon på gruppa ante då dei begynte. Han tenkte igjen på det som hende sommaren før: Etter kvart kom det ut rykte om kva aktivitet som var i gong. Dessutan: Mange unge gutar hadde eit brennande ønske om å halda fram kampen frå England, og frå denne delen av kysten var det store sjansar å koma over Nordsjøen. |
Meny