Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Benåda

Dei fire fangane reiste seg sakte. Flesch las opp namna på alle dei ti dødsdømde. "Der Führer erkanten Todesstrafen wandle ich um in Zuchthausstrafen von je zehn Jahren."

Gestaposjefen opplyste at det først og fremst var på grunn av der Führer Adolf Hitler sitt storsinn at dei ti dødsdømde var blitt benåda frå dødsstraff til ti års tukthus. Men også heltemotet dei fire fangane hadde vist då dei utførde det livsfarlege arbeidet i Høyanger, hadde vore medverkande grunn.

Tyskland neste. Gunnar Hellesen tenkte framover: Ville han oppleva året 1951?

Men han tenkte også tilbake: Alt som hadde skjedd det siste året, stod klart i minnet!

Det brennande ønsket om å få gjera noko for fedrelandet då Norge så brutalt vart okkupert, vart totalt omkalfatra etter kort tid. Engasjement og innsats for Norge var no blitt endra til meiningslaust liv i tukthus, der all aktivitet skulle brukast til å tena fienden.

Kvifor hadde det gått gale?

Kunne nokon av dei greidd å hindra at saka vart opprulla?

Enn om han sjølv hadde teke imot tilbodet om å dra over til Shetland? Då ville han i det minste ha vore i aktiv krigsteneste no! Men ikkje alle nådde fram til Shetland eller England.

Meny