Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Tilbake i Norge

Tidleg om morgonen 27.mai 1945 passerte toget norskegrensa og køyrde inn i Østfold. Ved grensa vart dei heimvende fangane tekne imot med salutt og maskinsgeværsalver. Ved Østbanen i Oslo var det møtt opp "eit hav" av menneske. For vestlendingane var det sett opp ekstratog til Bergen same kvelden.

På Voss gjekk Gunnar Hellesen og dei andre frå Haugalandet av Bergensbanen. Dei drog om Granvin, vart førde over Hardangerfjorden til Lofthus og heldt fram til Odda.

Over alt blei dei heimvende fangane møtte med overveldande mottaking: musikkorps, songkor, talar – og mat!


Høgdepunktet for Gunnar Hellesen og dei andre frå Haugalandet var mottakinga på Rådhusplassen i Haugesund 28.mai 1945. Det var tettpakka av menneske som ville ynskja dei heimvende tysklandsfangane velkomne tilbake.

Det vart eit gripande møte. Gleda over å vera heime igjen var det umogeleg å skildra fullt ut. Alle var fylte av ei useieleg lukke over å ha overlevd ei dramatisk og vanskeleg tid.

Men dei heimvende kjende ikkje berre lukke. Alt no gjekk tankane mot framtida. Ville dei vera i stand til fungera normalt igjen i det sivile livet?

Gunnar Hellesen forstod at det viktigaste var å koma i gong med dei nye oppgåvene straks. Han hadde enno det meste av livet framføre seg.

Meny