Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Venting i spenning

Elleve månader var gått sidan arrestasjonen. 27.juni 1941 vart Gunnar Hellesen saman med dei andre fangane henta til Gestapo – huset i Bergen. Ingen av dei ante kva som skulle skje. Men fangane var etter kvart blitt såpass godt kjende med systemet at dei visste at det verste kunne vera i vente.

Saka til dei atten nordmennene som sat arresterte, vart ført for Det tredje riket sin øvste militære domstol. Tidleg i februar hadde dommen falle: Ti vart dømde til døden, sju fekk lengre og kortare tukthusstraffer, og ein vart frikjend.

Etter kvart som rettssaka gjekk framover, hadde Gunnar Hellesen førebudd seg på at det verste kunne henda. Han var blant dei ti.

Straks etter at dommen var fallen, tok forsvararane opp arbeidet med å søkja Adolf Hitler om benådning. Søknaden var datert 25. februar 1941. Dette var no fire månader sidan.

Sjefen for Gestapo i Bergen, Flesch, førde ordet denne junidagen. Fire av fangane blei bedne om å gje seg til kjenne. Desse var dei same fire som hadde utført livsfarleg arbeid i Høyanger då dei fjerna fleire udetonerte engelske bomber frå fabrikkområdet. På nytt vart Hellesen minna om den livsfaren han og kameratane hadde vore i påskedagen året i førevegen. Den gongen kom dei frå det levande – no skulle likevel den endelege dommen falla. Kva ville utfallet bli?

Meny