| Framside | Shetlands-Larsen Ein av dei best kjende blant Shetlands-fararane er Leif Larsen, også kalla "Shetlands-Larsen." Han vart fødd i Bergen den 9. januar 1906. Han drog tidleg til sjøs og hadde segla på alle verdshava før den andre verdskrigen braut ut. Leif Larsen melde seg saman med mange andre nordmenn som frivillig i Finnlandskrigen i januar 1940. Der fekk Larsen den første militære opplæringa si, i ein hard vinterkrig i eit barskt klima. Men Finnland måtte kapitulera etter nokre månader med harde kampar. Då nordmennene kom tilbake til Norge i midten av april. var landet okkupert av Tyskland. No vart kompaniet sett inn i kampane på Austlandet. Men den 3. mai fekk dei vita at kampane i Sør-Norge var slutt. Dersom Leif Larsen no skulle halda fram kampen mot tyskarane, var den einaste sjansen å koma over til England. Men det var ikkje lett. Han fekk bli med motorkuttaren "Motig 1" over til Shetland.Etter ein del klarering i London, vart Leif Larsen send tilbake til Shetland i august 1941. Dermed gjekk han aktivt inn i "Shetlandsgjengen".
I åra 1943 - 45 var Leif Larsen sjef på ubåtjagaren "Vigra". Med denne båten gjorde Larsen i alt 36 turar over Nordsjøen. |
Meny