Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

 

Shetlands-trafikken

Alt i mai 1940 drog dei første båtane vestover havet til fridomen. Om bord var det unge gutar som ikkje ville godta den tyske okkupasjonsmakta. Dei ville sjølve gå aktivt inn i krigen mot fienden, og då måtte dei først koma over til England.

Den kortaste sjøvegen var frå Vestlandet og over til Shetland, Orknøyane og Skottland. Etter kvart som stadig fleire i motstandsarbeidet måtte flykta unna Gestapo, vart det nødvendig å ha eit "flyktningemottak" på Shetland. Dermed blei ein "norsk" base oppretta der. Scalloway var den viktigaste hamna for basen.

I 1941 vart "Norwegian Independent Company No. 1 " oppretta med kaptein Martin Linge som sjef. Kompani Linge utgjorde nordmenn som etter spesialtrening i Storbritannia utførste viktige operasjonar i Norge. Kompaniet fekk hovudbasen på Shetland.

Dei første par åra av krigen gjekk det ein straum av flyktningar frå Vestlandet til fridomen i vest. Men på returen hadde båtane med både våpen og sabotørar til motstandsarbeidet.

Det var vanlege fiskeskøyter som vart bruka dei første tre åra. Dette var gode sjøbåtar, men dei hadde liten fart og kunne såleis lett bli oppdaga av tyske fly som patruljerte langs kysten.

"Andholmen" var ein av dei største båtane i den hemmelege tenesta.

Mannskapet på desse fiskeskøytene var dyktige sjøfolk. Vanlegvis var det fem til åtte menn om bord. Dei kjende Nordsjøen og visste om farane når storm og uver sette inn. Men mennene var også lokalkjende på kysten. Det var heilt nødvendig når dei skulle nærma seg norskekysten utan hjelp av fyrar og lykter.

Basen på Shetland opplevde fleire tragiske forlis desse åra då skøytene trafikkerte Nordsjøen. Nokre båtar vart dessutan senka av tyske fly.

Ein av dei mest kjende skipperane, var Leif Larsen, også kalla "Shetlands-Larsen."

Meny