| Framside |
Radiosendarar Den mest effektive måten å halda kontakt med motstandsarbeidet i Norge var via radiosendarar. Difor var det også at Sigurd Jakobsen fekk med seg to sendarar då han returnerte frå England 7. juni 1940. Han hadde då gått gjennom eit tre vekers etterretningskurs og lært det mest elementære om illegalt radioarbeid. Etter kvart blei det oppretta mange illegale radiostasjonar over heile landet. Dette var eit uhyre farleg arbeid for nordmennene.Gestapo intensiverte arbeidet med å byggja ut effektive peilingssystem, og mange radiosendarar vart avsløra og dei ansvarlege arresterte. Dødsstraff var vanleg dom for dei som var ansvarlege for radiosendarane. Endå om mange sendarar vart tekne og motstandsgrupper sprengde, vart det stadig etablert nye radiostasjonar. I åra 1942 - 43 var omlag 40 sendarar meir eller mindre i funksjon. Mot slutten av krigen fekk Tyskland utvikla stadig betre peilingsutstyr slik at dei greidde å finna sendarane. |
Meny