| Framside | Nordahl Grieg Diktaren Nordahl Grieg var brennande oppteken av politiske spørsmål i 1930-åra. Fram mot 1940 skreiv han svært mykje om den nazistiske oppmarsjen og den trusselen dette var for verdsfreden. Nordahl Grieg elska Norge. Han skreiv i desse åra mange dikt som andar av kjærleik til Norge og nordmennene. Ved krigsutbrotet i april 1940 melde han seg til teneste, og han var med på å berga gullet i Norges Bank ut av landet.
Nordahl Grieg i kapteinsuniform i England under krigen 17. mai var Nordahl Grieg i Tromsø. Der las han i radioen det kjende diktet "17. mai 1940": "I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær. Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er." Nordahl Grieg kom seg over til England og der utdanna han seg til offiser og vart krigskorrespondent. Men han heldt fram med å dikta. Dikta hans vart lesne opp i radioen frå London, og dei vart trykte og spreidde hemmeleg rundt i Norge. Dei var med på å halda motet oppe blant folket. I desember 1943 skulle Nordahl Grieg vera med som krigskorrespondent i eit bombeangrep over Berlin. Flyet han var med i, vart skote ned, og Nordahl Grieg omkom. |
Meny