| Framside | Konsentrasjonsleirane(KZ-leirane) Då Adolf Hitler tok over makta i Tyskland, fekk fengsel - og tukthussystemet eit supplement: konsentrasjonsleirane. Leirportane bar overskrifta: "Arbeid macht frei". Sjefen for leirsystemet var Heinich Himmler. Dei som måtte gå den tunge vegen gjennom leirportane, var Hitler sine politiske motstandarar. Siktemålet med leirane var å omskolera tyskarane, slik at dei kunne bli gode borgarar - lojale mot folk og fedreland. Den første leiren vart etablert i 1933: Dachau. Konsentrasjonsleirane kom for alvor i søkjelyset då den norske Nobelkomiteen i 1936 vedtok å gje fredsprisen for året 1935 til den tyske fredsforkjemparen Carl von Ossietzky. Då fredsprisvinnaren skulle bli presentert for det internasjonale publikumet, viste det seg at han var fange i konsentrasjonsleiren Esterwegen. Dermed vart søkjelyset for alvor retta mot konsentrasjonleirane.
Då Hitler starta verdskrigen i 1939, eksploderte behovet for fengselsplassar. No var det ikkje lenger berre tyske statsborgarar som skulle sperrast inne. Det vart behov for interneringsplassar for personar frå alle dei tysk--okkuperte landa. Kapasiteten til konsentrasjonsleirane auka ved at utekommandoar eller underkommandoar kom i tillegg til dei etablerte leirane. Då krigen slutta, var det i alt 1624 konsentrasjonsleirar og utekommandoar. I tillegg voks det frå 1933 fram eit behov for stader der jødar kunne sperrast inne. Først var dette aktuelt i Tyskland, men seinare vart det etablert leirar i heile det okkuperte området. Ghettoar var avgrensa område der berre jødar hadde lov å halda til. Over 200 ghettoar vart organisert før Wannseekonferansen 20. januar 1942. Då vart den "endelege løysinga" på jødespørsmålet bestemt: Utryddingsleirar ("Holocaust".) |
Meny