Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Kapitulasjon

Etter at Elverum vart bomba, rømde kong Haakon, kronprins Olav, regjeringa og Stortinget opp gjennom Gudbrandsdalen til Molde. Heile tida hadde dei ein stri tørn med å sleppa unna tyskarane som bomba alle stader dei trudde kongefamilien oppheldt seg.

I Molde måtte Kongen og Kronprinsen røma ut i skogen for å sleppa unna dei tyske bombene.

Herifrå skriv det kjende "Kongebildet" seg.

Bildet av Kongen og Kronprinsen ved bjørkestamma.

Diktaren Nordahl Grieg skildrar denne situasjonen i den kjende strofa: "Slik vil Kongen leve for oss: Ved en sølvblek bjørkestamme mot en naken vårskogs mørke, står han ensom med sin sønn. Tyske bombefly er over."

29. april forlet Kongen Molde med HMS "Glasgow" på veg til Tromsø.

I Sør-Norge var kapitulasjonen eit faktum i førstninga av mai. Den norske militære leiinga innsåg at det var uråd å halda fram kampane mot den tyske overmakta.

I Nord-Norge derimot heldt kampane fram ein månad til. M.a. vart Narvik gjenerobra ved hjelp av britiske og franske styrkar. Dette var den første byen dei allierte greidde å ta tilbake frå dei tyske okkupantane. Men då Hitler angreip vestover mot Frankrike og England tidleg i mai, hadde desse landa bruk for sine eigne styrkar i heimlanda. Dermed måtte den norske militære leiinga også gje opp Narvik. Den endelege kapitulasjonen av heile Norge var eit faktum 10. mai 1940.

Dei siste vekene under kampane i Nord-Norge budde kong Haakon og kronprins Olav i ei hytte i Målselv i Troms. 7. juni gjekk Kongen, Kronprinsen og regjeringa om bord i den engelske kryssaren "Devonshire".

Regjeringsmedlemmer på kaien i Tromsø før dei går om bord i "Devonshire".Statsminister Nygaardsvold nr. 2 frå høgre.

Då dei kom fram til Glasgow, gjekk turen vidare med tog til London. Der måtte dei begynna det store og tidkrevjande arbeidet med å byggja opp ein eksiladministrasjon.

.

Meny