Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Hiltgunt Zassenhaus

Hiltgunt vart fødd i Hamburg og var 17 år då Hitler kom til makta i 1933. Same sommaren var ho på sykkeltur i Danmark. Då bestemte ho seg for å studera filologi med dansk som hovudfag. Dette gjennomførte ho. Etter at Hiltgunt hadde avslutta filologisk embetseksamen, hadde ho eit studieopphald i England. Der var ho då krigen braut ut i 1939.

Hausten 1940 vart Hiltgunt Zassenhaus tilsett som tolk i den tyske brevsensuren. To år seinare overtok ho sensuren for dei norske fangane som sat i tukshus og fengsel, og ho hadde godkjenning av Gestapo.

Sjømannsprestane i Hamburg fekk etter kort tid eit nært samarbeid med Hiltgunt. Som sensor og tolk var ho med og besøkte fangane. I tillegg til at ho var fagleg dyktig, hadde Hiltgunt ei sterk utstråling. Dermed greidde ho å setja mot i mange fangar som var i ferd med å bli både bitre og hadde mist motet. Samstundes fekk ho inngåande kjennskap til dei pårørande til fangane. På den måten fekk ho eit personleg forhold til dei.

Hiltgunt Zassenhaus er i ettertid blitt kalla "Engelen for tukthusfangane." Men ho var meir enn det. Ho var eit av dei mange levande bevisa på at det var tyskarar som torde å ta eit standpunkt mot det nazistiske regimet, endå einsretting og terror hadde gått føre seg i mange år.

Meny