| Framside |
Gestapo Ordet er forkorting for tysk "Geheime Staatspolizei"(Det hemmelege statspolitiet.) Dette politiet vart oppretta av Hermann Gøring 1933. I 1934 fekk Heinrich Himmler herredøme over Gestapo, og frå 1936 stod han i spissen for alt tysk politi. Gestapo var ein politisk politiorganisasjon som hadde til oppgåve å verna om naziregimet ved hjelp av terrormetodar både i Tyskland og i dei okkuperte landa. Fleire hundretusen menneske hamna i konsentrasjonsleiar.
I Norge hadde organisasjonen hovudkvarteret sitt på Victoria Terrasse i Oslo og underavdelingar fleire stader i landet. Frå juni 1940 var Wilhelm Rediess sjef for Gestapo i Norge, og han stod direkte under Reichkommisar Terboven. Nærare 1000 gestapofolk var i Norge, og dessutan sorterte ca. 4000 mann polititroppar direkte under Gestapo. Den viktigaste oppgåva i Norge vart etter kvart å nedkjempa motstandsrørsla på alle område. Gestapo gjekk fram med ein brutalitet som for alle tider har gitt namnet ein uhyggeleg klang. |
Meny