| Framside | Dresden
I februar 1945 vart Dresden terrorbomba, og dette hadde forferdelege verknader. I byen var det flyktningar frå dei austlege delane av Tyskland, for det meste kvinner, barn og gamle. Engelske og amerikanske fly sleppte så mange bomber innanfor eitt område at det oppstod eldstormar. Temperaturen i sentrum av byen vart så høg at oksygenet i lufta vart brukt opp. Mange vart kvelte. Andre døydde i rennande asfalt eller vart blåste inn i eldstormane av dei vindane som vart laga då den oppvarma lufta steig til vers. Dei som greidde å flykta frå byen, var under maskingeværeld frå dei allierte flya. |
Meny