Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Starten på slutten: D-dagen

Nettet begynte å snøra seg saman rundt Det tredje riket. I løpet av 1944 gjekk dei allierte til angrep både frå aust, sør og vest. Dei allierte statsleiarane visste at dei måtte vinna over Tyskland på tysk jord. Dei sovjetiske troppane pressa vestover. Frå vest var det nødvendig å få inn allierte styrkar i Vest-Europa, slik at dei kunne tvinga den tyske okkupasjonsmakta austover. "Overlord" var namnet på dei allierte sine operasjonsplanar i Normandie. D-dagen var kodeordet. (D = Day)

Invasjonen starta tidleg på morgonen 6.juni 1944 ved at troppar og utstyr vart landsette. Før kvelden kom, var det oppretta fem bruhovud på kysten av Normandie.

Dei allierte angreip med svære styrkar: 6500 marineskip og transportfartøy, meir enn 150 000 soldatar, 20 000 kjøretøy og 1500 stridsvogner. 12000 fly var med for å kutta kommunikasjonar og stoppa forsterkingar.

Amerikanaren general Dwight D. Eisenhower var sjef for den allierte overkommandoen, medan den britiske feltmarskalk Bernard L. Montgomery leia dei britiske og kanadiske landstyrkane.

25. august 1940 rykte dei allierte styrkane inn i Paris. Seinare på hausten møtte dei sterke tyske motangrep ved Ardennene. I mars 1945 passerte dei allierte Rhinen. Inne i Tyskland fann amerikanarane kjempesvære underjordiske anlegg. Fangar var arbeidskrafta. Konsentrasjonsleiren Dachau vart gjort fri 29. april. Grusame scenar møtte soldatane her.

Amerikanske og russiske styrkar møttest ved Targau, sør for Berlin.

Meny