Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

"Blia"

Storm og uver var stadig ein stor trussel for skøytene som trafikkerte Nordsjøen. Det var uråd å ta omsyn til veret når Gestapo var i hælane på flyktningane som låg i dekning.

I byrjinga av november 1941 var det komne mange flyktningar til Bremnes. Dei var hardt ettersøkte og måtte koma ut av landet straks. Flyktningane låg puljevis i dekning ulike stader, men så fekk dei melding om at "Blia" var i vente. No var sjansen til å koma seg unna Gestapo!

Det var uver i lufta. Erfarne folk på Bremnes lytta på susen i lufta og forstod alvoret. Om dagen låg "Blia" i løynd vest i øyane, men laurdagskvelden 11. november gjekk skøyta inn i Øklandsvågen.

Om lag 70 menneske låg og venta på å få bli med. Dette var fleire enn skøyta kunne ta med seg, og panikk spreidde seg blant flyktningane. Til slutt stilte Bernhard Håvardsholm seg opp ved landgangen med ein pistol i kvar hand og nekta fleire å koma ombord. Om bord var det då 42 personar: 36 flyktningar og eit mannskap på 6. Klokka 2400 la "Blia" ut frå kaien. Skøyta stemna ut Øklandsvågen og segla inn i søraust storm.

I denne same stormen låg Shetlands-Larsen ei tid i havsnaud vest av Florø. Då han og mannskapet med skuta "Arthur" nådde hamn på Shetland, hadde dei mist ein av mannskapet, Karsten Sangolt.

"Blia" nådde aldri Shetland, og det er ingen som veit kva lagnad båten fekk. Mange år etterpå vart det ved Hafrsfjord funne ein flaskepost. Brevet var stilt til Johannes Fatland, Vanvik i Ryfylke. I brevet står det m.a.: "Me forliser. Hels farvel kona og borni. - Hjelp deim. .... Sender tri flaskepostar. ....Set alt i Guds hender og helsar deg lukka. S.J.U."

Denne underskrifta skal vera ein kode Bernhard Håvardsholm nytta. I så fall er dette siste livsteiknet frå "Blia" og dei som omkom i forliset.

Meny