Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Kapitulasjon

Torsdag 20.juli 1944 eksploderte ei tidsinnstilt bombe i eit konferanserom der Adolf Hitler og 18 av dei næraste medarbeidarane var samla. Bomba låg kamuflert i ei dokumentmappe, men Hitler var uskadd etter attentatet.

I det lengste prøvde Hitler å løyna for det tyske folket at nederlaget måtte koma. Etter kvart som dei allierte nærma seg Berlin frå vest og dei sovjetiske troppane trengde på frå aust, forskansa Hitler seg i bunkeren sin i Berlin. Der var han saman med elskarinna si, Eva Braun, og ein del av dei næraste medarbeidarane.

30. april tok Hitler sjølvmord saman med Eva Braun.

Nokre militære offiserar prøvde ei vekes tid å halda oppe kampviljen blant dei utslitne soldatane - trass i at nederlaget alt var eit faktum.

Den 8.mai 1945 kapitulerte Tyskland. Krigen i Europa var over.

Meny