Framside

Venting i spenning

Benåda

Illegalt arbeid

Angivaren

Dommen

Tukthus

Transport

Pegau - siste stopp

Dei kvite bussane

Tilbake i Norge

Adolf Hitler

Adolf Hitler vart fødd i den østerrikske småbyen Braunau i 1889. I 1914 melde han seg som frivillig i den tyske hæren. Han vart korporal og fekk jernkorset i 1918.

I 1921 vart Hitler formann i NSDAP (Det tyske nasjonalsosialistiske arbeidarpartiet, nazistpartiet. ) Han prøvde å gjera statskupp i 1923, men vart arrestert og fekk 5 års festningsarrest, men han "sat inne" berre ni månader.

Hitler skreiv boka "Mein Kampf" i 1924 medan han sat i fengsel. Her la han fram raseteoriane sine: Den ariske rasen omfatta det tyske folket og dei nordiske. Desse folkegruppene var "overmenneske". Andre folkegrupper derimot var "undermenneske". I følgje Hitler var jødane meir undermenneske enn andre folkeslag.

Nazistpartiet fekk valsiger i 1932, og 30. januar 1933 vart Adolf Hitler rikskanslar og danna regjering.

I 1933 melde Hitler Tyskland ut av Folkeforbundet. To år seinare innførte han verneplikt og sette i gong opprusting. Han la opp til ein aggressiv utanrikspolitikk: Målet var å utvida dei tyske områda ("Lebensraum" = livsrom for det tyske folket.)

Frå 1936 begynte "Bit for bit"-strategien: Hitler sameina Saarområdet og Rhinland med Tyskland, og to år seinare innlemma han Østerrike i Tyskland. I slutten av 1938 okkuperte tyske troppar Sudetland i Tsjekkoslovakia, medan dei i mars overtok heile landet.

Storbritannia og Frankrike åtvara Hitler, men han greidde å få den britiske statsministeren, Neville Chamberlain, med på "Münchenavtalen": "Fred i vår tid."

I august 1939 vart Tyskland og Sovjetunionen samde om ein ikkjeangrepsavtale. Desse landa skulle dela Polen mellom seg.

Den 1. september angreip Tyskland Polen. 3. september protesterte Storbrittania og Frankrike og gav Tyskland ultimatum om å trekkja seg tilbake innan få dagar - elles ville dei lysa krig mot Tyskland. Hitler bøygde ikke av. Dermed var krigen i gong.

Meny