Denne sida er meint som ein liten presentasjon av ulike slåttekarar/spelemenn frå distriktet. Under kvart bilete vil du finne ei kort "biografi" om kvar enkelt.

Lars Eriksen Brendefur, «Gamle-Brendefuren» (1782-1878)




Mange av slåttane etter Lars blir framleis mykje spelt. Han var tambur (trommeslagar) i Bataljonsmusikken, og var med i krigen 1807-1814. Tromma han brukte heng i Rikssalen på Eidsvoll. Lars hadde med seg fela i felten og spelte for prins August av Augustenborg og offiserane hans. Prinsen sette stor pris på spelet til Lars. Spelinga gav god ekstrainntekt.


Magne Maurset (1824-1916)
Etter spelemannen Magne Maurset frå Markane lever ein rik slåttetradisjon. Ein stor del av springarspelet i Hornindal kjem frå denne særmerkte spelemannen. Margrete, mor hans, spelte fele og han lærte fyrst av henne. Faren, Gabriel Støverstein, var og frå spelemannsslekt. Systra til faren, Marte Bjørdal, «Bø-Mari», var god felespelar, og Mari og Margrethe spelte mykje i lag. Elles lærte Magne slåttar av Kroka-Lars og den omreisande spelemannen Blinde-Rasmus, som skulle vere av taterslekt. Magne hadde ein karakteristisk spelestil, med ei «trollsk» rytme. Han trampa takta med begge beina med jarnskodde hælar. Fela stilte han lågt og skal sjølv ha sagt at «Ingen dugandes spelemann stillje høgt». Og so brukte han nok flat stol, då slapp han å gjere store kast med armen når han skulle over strengane. Han sa sjølv at når det gjaldt bogestrøket, so skulle ein mest ikkje merke at det var nokon boge. Fingrane på venstre handa skulle greie det. Og til Pål Maurset sa han at «veslefingeren skulle stå på vakt, ferdig til å gripe inn». Magne Maurset var med på kappleik ein einaste gong. Det var i Ålesund i 1909. Han var då 85 år gamal. «Sunnmørsposten» den 1. april 1909 skreiv at «det var en lyst å se med hvilken næsten ungdommelig fyrighet den gamle trakterte sin fele».


Ola Kjellstad «Føkhaug-Ola» (1854-1944)
Sunnylven på Sunnmøre grensar opp mot Hornindal i Nordfjord. Ola Kjellstad (nr. to frå venstre, her samen med familien) hadde såleis god kontakt med spelemenn i Hornindal. Han var ein av dei fremste danse- og bryllaupsspelemennene i Sunnylven og Indre Nordfjord rundt århundreskiftet, og ein særs produktiv slåttekomponist. Sjølv om han var småbrukar og steinarbeidar, var spelet hans likevel mjukt og fint teknisk gjennomført. Sivert H. Geitvik skriv i boka Spelemenn: «Han trødde takta med båe føtene og det kom eit velde og eit invendes bulder i spelet som var ukjent for meg. Ingen kan handsama fela med større varsemd enn Ola Kjellstad, men slik har det likevel skikka seg. For fyrste gong tok eg til å skyna kva det hev vore det gamle slåttespelet!»

(Ola Kjellstad nr.2 frå venstre)


Lars Hjellbakk (1889-1976)
Lars Hjellbakk er eit ruvande namn i folkemusikken i Hornindal i nyare tid. Både som berar av det gamle slåttespelet, og som komponist av runddansslåttar, markerte han seg som ein tonekunstnar av format. Han var odelsgut, fødd og oppvaksen på garden Hjellbakk. Det er sagt at Lars aldri var ute på dansegolvet, men maken til dansespel fanst ikkje. Den fyrste læraren i slåttespel var naboen Ole Olsen «Spelar-Ola» Hjellbakk, (1850-1936). Men dei viktigaste læremeistrane seinare vart gamle-Lars Thomasgård og Ola Kjellstad. Frå kring 1910 var han fast spelemann i lyd og lag i Hornindal. Han var ikkje berre spelemann, men og ein flink felemakar, og laga mange gode feler, tilsaman nærare 80 instrument. Lars brydde seg lite om kappleikar, men spelte mykje til underhaldning og dans. At han ikkje deltok på kappleikar gjorde nok sitt til at han vart lite kjent utanom bygdene i Nordfjord og på Sunnmøre. Då Hornindal Spelemannslag vart skipa var Lars Hjellbakk over 70 år, men han vart likevel med i laget. Han var ein uvurderleg sensor og læremeister dei første åra. Han kunne så mange slåttar, og han åtte eit eige drag i dansespelet som han førte vidare til spelemannslaget. Han var aktivt med til han var 80 år gamal. I 1967 fekk Lars tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv for sitt arbeid for folkemusikken. Heimbygda heidra han med ein bauta, som står på Grodås, kommunesenteret i Hornindal.


Leif Thomasgaard (1897-1979)




Den musikalske arven etter storspelemannen gamle-Lars Thomasgård var det særleg sonen Leif Thomasgaard og elevane Lars og Andreas Hjellbakk som kom til å føra vidare. Leif Thomasgaard flytta til Bergen og vart løytnant i Bergens Divisjonsmusikk. Leif skreiv ned mange av slåttane etter faren, og har etterlate seg ei stor notesamling som også inneheld mange av Leif sine eigne komposisjonar.