| Velkommen til denne prosjektoppgåva
i informasjonsteknologi 1 for lærarar!
Då eg tok til med denne prosjektoppgåva gjekk det sjølvsagt ei tid før eg fann ut kva emne den skulle omhandle. I fleire år har eg vore svært interessert i musikk og musikkliv, så at emnet ville vere innanfor musikk fall nokså naturleg. Når det gjeld å grunngje valet av folkemusikk som emne, kan eg seie at folkemusikken vår er ein musikksjanger som mange, i alle fall av den "yngre garde", ikkje har noko særskilt forhold til. Prosjektoppgåva er meint som ei innføring i temaet folkemusikk, gjerne som utfyllande stoffvalg til musikkundervisning i grunnskulen. Når det gjeld klassetrinn som dette stoffet er høveleg for, har eg tenkt frå og med 6. klasse. I tillegg til at oppgåva inneheld mykje nyttig informasjon om norsk folkemusikk generelt sett, har eg også lagt til ein del som tek for seg folkemusikklivet i vårt nærmiljø. Dersom De legg til merke menytavla øvst
på skjermbiletet, finn De dei vala som er tilgjengelege. Denne menytavla
vil alltid ligge øvst på skjermen for enkel navigering mellom
dei ulike sidene. Eg vonar at denne prosjektoppgåva kan vere til
nytte både for elevar og lærarar i den norske skulen, og at
den kan vere med på å auke interessen for den kulturskatten
som ligg i folkemusikken.
Volda, 16.04.1998 |