Med "folke-" meiner ein ikkje at heile folket har laga folkemusikken, men at heile folket har vore med og teke vare på den. Den som har laga visa, slåtten eller stevet blir ofte gløymt, og eigedomsretten, om ein kan bruke eit slikt uttrykk, tilhøyrer alle som syng eller spelar. Folkemusikken har difor alltid vore utsatt for endringar. Når motene har skifta, vart folkemusikken lett gløymt sidan den vart overlevert i munnleg tradisjon. Hvis ikkje den gamle spelemannen hadde lært frå seg dei gamle slåttane før han døydde, gjekk komposisjonane med han i grava. 

Ei samanlikning mellom folkemusikken og kunstmusikken kan sjå slik ut:
Folkemusikk Kunstmusikk
Ukjent komponist Vi veit kven som har komponert musikken
Komponisten skreiv ikkje ned musikken (munnleg tradisjon) Komponisten skreiv ned musikken 
Andre musikarar lærte musikkstykket ved å lytte til den som hadde komponert det Andre musikarar har lært å spele komposisjonen ved hjelp av notar
Ofte fleire variantar av same stykke Ein nedteikna versjon

Folkemusikken har alltid vore på vandring, og undervegs har den blitt påverka og omforma av utøvarar, miljø og publikum. Lite av denne musikken har vorte nedskriven. Den har levd i tradisjonen og gått frå den eine spelemannen til den andre og blitt prega av utøvaren sin personlege stil. 

Musikkinstrument frå folkemusikken 
Instrumenttypane som er og har vore i bruk i folkemusikken her i Noreg er mange, både blåse intsrument, strykeinstrument og perkusjonsinstrument. Eg vil vidare gje eit kort oversyn over dei mest brukte instrumenta. Etterkvart som den tekniske utviklinga sprang fram utvikla også musikkinstrumenta seg til det betre. Det at ein fekk strengeinstrument var eit langt skritt framover. På eit blåseinstrument til dømes, lagar ein lyden med munnen, slik at instrumentet blir ei forlenging av stemma. Avstanden mellom stemma og den ferdige tonen blir lengre på eit strengeinstrument enn på eit blåseinstrument, sidan tonen blir laga med fingrane. Munnharpa, som er eit kjent folkemusikkinstrument, kan vel reknast som ein mellomting mellom desse to instrumenttypane. 

Hardingfela
Dette instrumentet kan ved fyrste augekast lett forvekslast med den vanlege flatfela. Men dersom ein ser og høyrer nærare etter, finn ein ein del viktige ulikskapar. Halsen (gripebrettet) og stolen er dekorert med perlemor og sølv, og kroppen av fela er gjerne rosemåla og har dekorasjonar langs kanten. I motsetnad til fiolinen eller flatfela, som berre har fire strengar, har hardingfela åtte strengar! Desse er fire melodistrengar og fire understrengar. Understrengane skaper ein spesiell resonnans når ein spelar, og det er òg dei som gjev hardingfela den karakteristiske klangen. Dei aller fleste kjenner vel til den kjende hardingfelespelaren Annbjørg Lien, som allereie har gitt ut fleire plater med folkemusikk. Hardingfela er ikkje berre det mest kjende av folkemusikkinstrumenta våre, det er også det yngste. Før 1650 fekk instrumentet den forma det har i dag. Truleg har ho utvikla seg frå vikingetida si feletype (fidla) og instrument med understrengar som vi kjenner frå andre land (sitaren frå India, til dømes). Noko anna som er litt spesiellt med hardingfela er at ho kan stemmast på over 30 ulike måtar, og namn som oppstemt og trollstemt fortel litt om korleis stemminga lèt. 

Langeleik
Langeleiken er eldre enn hardingfela. Den lange og smale resonanskassa med dei åtte strengane har hatt den forma vi kjenner i dag sidan før 1600-talet. Langeleiken har ein melodistreng og sju akkompagnementstrengar. Ein spelar på langeleiken som ein liggjande gitar, der venstre hand trykkjer ned melodistrengen og høgre handa slår an strengane med eit plekter. 

Andre norske instrument
Som sagt, langeleiken og hardingfela er dei to mest kjende folkemusikkinstrumenta. Men det er òg andre instrument som har vore brukt her i landet. 

Seljefløyte
Seljefløyta har avgrensa levetid. Ho kan berre lagast om våren, når sevja stig i selja. Skjer du av ei grein og bankar ho forsiktig med ein tollekniv, kan du skilje barken frå veden. Dermed får du eit hòlt rør av barken, og av det kan du lage ei fløyte. Når treverket tørkar, blir fløyta øydelagt, men i mellomtida kan du spele mjuke fløytetonar. Kanksje ein ekskursjon ut i skogen der ein lagar seljefløyter kunne vere ei interessant avveksling frå vanleg musikkundervisning i klasserommet? 

Lur
Luren er eit typisk norskinstrument. Allereie i bronsetida laga dei lurar, men då sjølvsagt av bronse. Litt meir framover mot nyare tid, cirka på 1600-talet, laga vi lurar av tre her i Noreg. Den er laga av to trestykke som er surra saman med bjørkenever. Luren var mykje brukt tidlegare då sæterdrift var svært utbreidd. Då kunne folk lokke på dyra sine med luren, eller dei kunne sende signal over lange avstandar. Det var vel lurt, eller? 

Folkeviser
Dei er den største og kanksje viktigaste songtradisjonen vår, og ein finn svært mange ulike typar av dei. Eit av kjenneteikna på ei folkevise er at ho finst i mange variantar. Ein veit ikkje kven som har laga ho, og oftast veit ein ikkje kvar dei einskilde visene kjem frå. Alle som song desse visene, tok vare på dei ved at dei lærte dei sjølve og lærte dei vidare til andre. Mange folkeviser stammar frå middelalderen, og handlar om heilt ulike ting. Det kan vere viser om:

- dyr (dyreviser)
- troll (trollviser)
- riddarar (riddarviser)
- historiske hendingar (historiske viser)
- kjende personar (legendeviser/historiske viser)


Denne folkevisa kjem frå Lom: (fyrste og siste vers)


Grisen gjekk for låvglugg
åt upp femten tynnå bygg - du låvgris
for låvglygg
åt upp femten tynnå bygg - du låvgris


Grisen hain ha mågå (mage)
Som prestens store hågå (hage)
du låvgris
ja mågå som prestens hågå - du låvgris



Desse vart brukt som hjelp til å utføre ymse slags arbeid. Når ein t.d. skulle løfte eller dra noko i flokk, vart dei rytmiske arbeidsvisene brukte til å ta i samstundes. Budeiene sine lokker også arbeidsviser. Andre arbeidsviser knytte til arbeidsgrupper er rallarvisene (anleggsarbeidarar), shanties (sjømannsviser) og handverkarviser.