Nordfjordbåten
6-keiping nordfjordtype frå
Torvanger i Bremanger
Den mest kjende av midtvestlandsbåtane,
nordfjordbåten, vart for det meste bygd i Gloppen. Det var i denne
bygda, på garden Hauge, det vart funne restar etter ein vikingbåt,
som hadde stor likskap med femkeipingen. Ein veit at i 1336 vart det reparert
langskip i Gloppen.
Utover 1800-talet var det hovudsakeleg dei
vanlege bygdebåtane dei bygde, frå færing til sekskeiping,
vengebåt, notbåtar og jekter.
Før 1850 var nordfjordbåten
ein båt berre for indre og ytre Nordfjord. Opphaveleg hadde han vanleg
råsegl, frå kring 1800 og framover vart det meir og meir vanleg
med "sunnmørssegl".
I 1850-60-åra byrja fiskarane med linefiske
på havgrunnane i sommarhalvåret. Då hadde dei bruk for
lettrodde og snøggseglde båtar, eigenskapar som nordfjordbåten
var kjend for. Men etter krav frå fiskarane måtte det gjerast
ein del endringar, lenger bakskut og meir oppbording. Båtbyggjarane
gav etter for kravet frå fiskarane.
Inne i fjordane heldt dei seg til båtane
med den gamle byggjemåten.
Fordelane med havbåtane frå Nordfjord
førte til at dei i 30 år var omlag einerådande sørover
kysten til Fedje i Nordhordland.