| Til
startsida.
Skogen og hjorten: |
Skogen og hjorten.I dei seinare åra har det på gått ein debatt om kva effektar skogreising og treslagskifte kan få for hjortestamma. Særleg er det fokusert på at grana som eit skuggetålande treslag, i store delar av omløpstida skuggar ut botenvegetasjon slik at tilgangen på beiteplantar dermed vert redusert. Det er derfor hevda at ved etablering av store samanhengande granskogar, kan beitegrunnlaget verte så kraftig forringa at hjortestammer kan kome til å bli redusert eller forsvinne. Det er grunn til å tru at biletet er noko meir nyansert.Skjul avgjerande vinterstid.For hjorten si totaletbreiing o um vinteren er det sannsynleg at mangel på tilfredsstillande vinterbiotopar til no har vore den mest avgrensande faktoren. Tilgangen på meir eller mindre samanhengande barskog ser under våre klimatilhøve i stor grad ut til å vere avgjerande for kor vidt hjorten kan eksistere i faste bestandar i eit område. Trongen til tilstrekkjeleg skjul og ly for snø og vind er særleg avgjerande for biotopval vinterstid.Nye vinterbiotopar.Frå Vestlandet veit vi at hjorten raskt tek i bruk nye skogreiste areal. I kystområde som før var skoglaust og der ein berre sporadisk observerte streifande hjort, er det i dag etablert talrike, faste hjortebestandar.Også i meir snørike strok i innlandet ser skogreisinga ut til å ha positive effektar for hjortestamma. I område som inntil for få år sidan var avskoga eller bestokk med glissen lauvskog, der snøen lett slepp gjennom trekronene, har det gjennom skogreising og treslagskifte oppstått nye vinterbiotopar. Utnyttinga av innmarksbeite utover hausten, kombinert med energisparing ved opphald i snøfattige og vindskjermande bartrebestand, ser ut til å gi eit tilfredsstillande nettoutbytte for dyra. Kulturskogen ser og ut til å verte utnytta til andre årstider. I relativt opne landskap, slik ein finn ved kysten, søkjer stasjonære hjortebestandar ofte skjul i plantefelta under kvileperiodane. Trekkvegar til og frå innmarksbeite vert gjerne også lagt gjennom tette granfelt. Gamal granskog.I gamal granskog vil feltsjiktet vere etablert på nytt og ein vil ofte få inn vintergrøne matter av smyle og lyngartar. I strødekket under granskogen ligg det lagra store næringsreservar som vert frigjorde etter hogst. Dei første åra etter avverking skjer det derfor ei rik oppbløming av urter og gras, noko som skaper særs gunstige sommarbeitetilhøve.
Skogreisinga etter krigen har sett sitt preg på Vestlands-landskapet. Kulturskog gir nyttig variasjon.I dag utgjer kulturskogen omlag 20% av det produktive skogarealet på Vestlandet. Felta er jamt over små og med dei rådande terreng- og eigedomstilhøva ein finn i landsdelen, skaper dei i stor grad ein variasjon i skogbiletet som hjorten totalt sett ser ut til å ha drege nytte av. Det er likevel viktig at ein vurderer konsekvensane nøye ved omfattande granplantingar, særleg i kalvingsområde og i blandingsskogsområde med godt beite på forsommaren.Etter som både skogareala og hjortestamma har auka, har det oppstått nye utfordringar for forvaltninga av begge ressursane. Feilaktige skoglege disposisjonar kan få verknad for hjortestamma. På same måten vil ei hjortestamme med dagens storleik også medføre konsekvensar for skogbruket.
|