Til startsida.

Hjort. 

Hjort er det mest talrike hjorteviltet på Vestlandet. I Møre og Romsdal har avskytinga auka frå 393 i 1954 til 6986 i 1997. Dei viktigaste årsakene til auken ser ut til å vere mindre husdyrbeite i utmarka, retta avskyting og store endringar i skogforholda. 
 
Vinterstid må hjorten drive "energiøkonomisering", og han oppsøker derfor snøfattige område med god tilgang på mat og skjul. Ulike lyngartar, særleg blåbærlyng, er dei viktigaste beiteplantene for hjorten dei fleste stader p denne tida. Dersom lyngen ikkje er tilgjengeleg på grunn av snø, er einer, selje, osp, rogn. Hjorten kan og ete eindel skjegglav i tillegg til bork av gran og furu. Ferske bartreskudd er og  viktig sikringskost. 
 
Hjort i vinterfuruskog.
Når våren kjem trekkjer hjorten gjerne frå vinterbeitet og trekkjer innover og oppover i landet. Han følgjer snøsmeltinga slik at han heile tida har tilgang på spirande og næringsrik vegetasjon. Blåbærlyng, kvitveis og bjørkelauv er viktige beiteplanter om våren. Om sommaren er kosten variert og består for det meste av gras og urter. Utover hausten vert lyng igjen meir og meir viktig. I tillegg kan han også ete ein del sopp